Hotellpris for asylsøkjarar

Akuttmottaket for asylsøkjarar på Ågotnes vert god butkk for huseigar CCB og Lopex AS som driv mottaket.

Om leiga tilsvarar snittet på landsbasis, kan aktørane på Ågotnes henta inn kring 12 millionar kroner på å gje dei 250 asylsøkjarane tak over hovudet i to månadar.

Hotellprisar
Grunna stort press om fleire mottaksplassar, kan huseigarar med aktuelle lokale krevja døgnprisar tilsvarande hotellovernatting.

-UDI betalar i snitt i underkant av 800 kroner døgnet for kvar akuttplass, på landsbasis, seier kommunikasjonsrådgjevar John Olav Kroken i Utlendingsdirektoratet til Tunnelsyn.no.

Han ønskjer ikkje seia noko om korleis akuttplassane på Ågotnes er prisa, om dei ligg over eller under landsgjennomsnittet.

Anbodskonkurranse
Mange av akuttplassane er dyre for UDI, og standarden er dels for høg, seier direktør Frode Forfang i UDI i ei pressemelding.

Direktøratet lyser no ut ein anbodskonkurranse dei håpar vil føra til avtaler om 30.000 mottaksplassar. Et av måla er å erstatta eindel av dei dyraste plassane med meir eigna husvære, fortel Kroken.

Tunnelsyn har ikkje klart å få tak i dagleg leiar Hroar Espeland i Lopex AS for ein kommentar.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s