Nytt hinder for Sotrasambandet?

Fylkesutvalet i Hordaland har bede om å få verta høyringsinstans for reguleringsplanen for nytt Sotrasamband. Ordførar Marianne Bjorøy (A) i Fjell fryktar at utvalet vil ta opp att Bybanediskusjonen, eller koma med andre innspel som kan forseinka utbygginga.

Vedtaket i fylkesutvalet onsdag sist veke kom svært uvente på ordførar Marianne Bjorøy i Fjell. Normal saksgang i fylkeskommunen tilseier at det er utval for kultur, idrett og regional utvikling som har siste ordet når det gjeld merknadar til kommunale reguleringsplanar.

Ny bybanedebatt?
-Eg fryktar dei vil ta opp att diskusjonen om Bybane eller kollektivfelt på brua, seier Bjorøy.

Sjølv kunne ho godt tenkt seg begge delar, men her gjeld det å realitetsorientera seg på kva som er mogeleg å få til, både økonomisk og tidsmessig.

Ivrig talsperson
Det var Aud Karin Oen (SV) frå Øygarden som stilte forslaget som fekk fleirtal i fylkesutvalet. Utvalet ber samstundes om at høyringsfreisten vert utvida.

Oen har vore ein ivrig talsperson for nettopp Bybane og kollektivfelt. Seinast på folkemøtet i Fjell rådhus gav ho uttrykk for skuffelse over at ingen av delane er inngår i det endelege utkastet til reguleringsplan.

Stram timeplan
Den oppsette timeplanen for vedtaka i nytt Sotrasamband er svært så stram, skal visjonen om byggestart i 2017 kunna realiserast. Først når reguleringsplanen er vedteken kan søknad om bompengefinansiering sendast Stortinget. Når finansieringsplanen er klar, kan Fjell og Bergen senda ut eit felles anbodet på OPS-partnar til utbygginga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s