Vil riva Borgstovo

Opplysningsvesenets Fond vil riva Borgstovo på Fjell prestegard. Forfallet har kome for langt til at det vil vera råd å reparera bygningen, ifølgje handtverkarane som har arbeida på bygget siste dagane.

Etter mange år til nedfalls, rykka handtverkarane inn sist veke, i håp om å kunna reparera Borgstovo på Fjell prestegard,
Etter mange år til nedfalls, rykka handtverkarane inn sist veke, i håp om å kunna reparera Borgstovo på Fjell prestegard.

Etter å ha stått til nedfalls i mange år, rykka handtverkarane sist veke inn for å reparera dei synlege ytre skadane: Vestveggen var roten og taket hadde byrja synka over vindauga.

Rote reisverk
Då handtverkarane fjerna delar av panelet, oppdaga dei at reisverket er rote, seier prestegardsinspektør Gunnar Birkelend i Opplysningsvesenets fond som eig prestegarden.

– Det ser ikkje ut til at vi kan berga Borgstovo. Sjølve bærekonstruksjonen er roten. Huset heng so og seia på det innvendige panelet, seier prestegardsinspektøren.

Handtverkarane har no fått beskjed om å dokumentera skadane, stoppa arbeidet og sikra bygget.

Trist situasjon
Prestegardsinspektøren synes situasjonen er trist. Han kjenner til Kulturminnelaget sitt engasjement for Borgstovo, og var i utgangspunktet innstilt på å reparera bygget.

– Dette skuldast manglande vedlikehald gjennom mange år. Opplysningsvesenets fond har diverre ikkje hatt verken fokus eller pengar på å vedlikehalda uthus som dette. Vi har konsentrert oss om prestebustadane, seier prestegardsinspektøren.

Vil riva
Birkeland vil no ta kontakt med Fjell kommune for å informera om situasjon og avklara korleis dei bør gå fram for å riva Borgstovo på Fjell prestegard.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s