Basen på Liaskjæret

–  Det går ikkje an, men vi gjer det likevel. Å strekkja seg etter det tilsynelatande umogelege har blitt vinnaroppskrifta til Peder O. Lie og Liegruppen AS.

Peder O. Lie
67, men ikkje klar for å leggja inn årane. – Dagens 60-åringar har treningsenter, vi er ikkje som 60-åringane for 60 år sidan, seier Peder O. Lie i Liegruppen AS.

Peder O. Lie, fjerde generasjon fiskebåtreiar og mediesky Sotra-investor, haldt i dag eitt av sine sjeldne offentlege føredrag i samband med Vest Næringsråd sitt seminar om gründerskap og eigarskifte.

Å sjå mulighetar og ta sjansar ingen fullt ut forstår, er og har vore viktig, slik Peder O. Lie forklarar suksessen til familieimperiet han leiar med Liaskjæret i Fjell som base.

Kontrollerer milliardverdiar
Som dagleg leiar og styreleiar i Liegruppen AS kontrollerer Peder O. Lie milliardverdiar. Sidan han overtok roret tidleg på 1990-talet har verdiane i konsernet som hovudsakeleg driv med fiske og eigedomsutvikling, auka frå 50 millionar til over ein milliard.

Ein snartur innom Brønnøysund viser at han, gjennom Larstein AS, er majoritetseigar med kontroll over 47,3 prosent av aksjane i konsernet som omsette for 264,8 millionar kroner i fjor. Resultat før skatt enda på 26,7 millionar. Den bokførte eigenkapitalen i konsernet er på 402 millionar. Totalverdien er rekneskapsført til 1,14 milliardar.

-Svarar seg ikkje å bruka vet
Forteljinga om familieimperiet på Liaskjæret er forteljinga om ein serie rette og godt tima omstillingar. Om tidleg satsing på ny teknologi, og om å forstå å hoppa av bølja før ho slår inn over land.

Historien byrja då oldefar Hans H. Lie kjøpte fiskebåten ”Liafjell” i 1890. Nota han samstundes investerte i var så kostbar at kjøpet hausta kritikk i spaltene i Morgenbladet.

– Det har aldri svart seg å bruka vet når det kjem til investeringar. Det er ting ein ikkje klarar å rekna heim. Likevel vert det rett, konstaterer oldebarnet og legg til at dette var ein tema han og far hans, Ole P. ofte diskuterte.

Sotra Kystby
Slik håpar han det også skal gå med storsatsinga på eigedomsutvikling på Bildetangen. Visjonen om 5.000 – 6.000 nye bustadar i Sotra kystby er så stor at han helst ikkje vil snakka om det, seier han.

Sotra kystby er ei langsiktig satsing. Etter ti år har konsernet investert 39 millionar av eigne midlar i kjøp og utvikling av tomtar på Nordre Bildøy. Dei første leilighetskjøparane kan tidlegast flyttast inn i når det nye Sotrasambandet står ferdig – om seks – sju år.

Handfast
Men Liegruppen AS overlever ikkje på visjonen om framtidig kontantstraum. Ågotnes Næringspark er ei handfast mjølkeku. Nær halvparten av konsernet sitt samla overskot i fjor skriv seg frå utleige av kontor, lager og verkstadar på offshorebasen på Ågotnes. Saman med Coast Center Base AS eig Liegruppen AS halvparten av eigedomsutviklaren på ein av dei største offshorebasane i landet.

Nevøen Roy-Eddy Lie er betrudd ansvaret for den daglege drifta av konsernet si eigedomssatsing.

Frå kastevåg til offshorebase
Offshorebasen på Ågotnes vart anlagt i det som ein gong var den mest kjende kastevågen i Fjell. Liaskjæren sin argaste konkurrent, den legendariske notabasen Hans O. Vindenes, gjorde mange gullkast her i 1950-åra. På det beste karakteriserte Vindenes kastevågen som ei sikrare inntektskjelde enn banken, fortalde Lie.

Sildafisket svikta på 1960-talet, men då var tida moden til å satsa på olje. Eit halvt hundreår seinare er det eigedomsutvikling som tel: Ågotnes Næringsutvikling har både Aker Solutions og FMC som leigetakarar, fortalde Lie.

Dagens aktivitetsnivå på offshorebasen antydar at det kan hende er tid for å tenkja nytt, enno ein gong, spekulerte Lie.

At ”hotellet” på basen for tida er utleigd til Utlendingsdirektoratet, som akuttmottak for 250 asylsøkjarar, nemnte han likevel ikkje.

Då silda svikta
Då silda svikta forsvann 90 prosent av inntektene til Lie-familien. For å omstilla seg til dei endra vilkåra, var fiskefartøyet ”Liafjord” ombygd frå Nordsjøfiske til å kunna dra på loddefiske i Barentshavet.

Personleg verkar Peder O. Lie mest nøgd med kjøpet av Libas II. Fartøyet til 27 millionar kroner vart kjøpt i 1978. Kort tid etter førte overetableringar i fiskerinæringa til at bankane tok kontroll over store delar av flåten. Berre 100 av 300 båtar var i aktivitet 10 år seinare, minnast Lie.

– Men tidene snudde, enno ein gong. I 1990 kunne eg selja Libas II for 50 millionar – nær dobbelt så mykje som eg kjøpte han for, smiler reiaren på Liaskjæret.

Trua på det uforståelege
Året etter vart ”Ligrunn” kontrahert. Første ringnotbåten som vart bygd på 10 år.

– Båten kosta 45 millionar, og eg diskuterte kjøpet på banksjefen. Fortalde at eg ikkje kunne rekna båten heim:

– Det er berre ein måte å gjera det på. Den går ikkje an, men vi gjer det likevel, gjengjev Lie mottakinga ideen fekk hos banksjefen.

Kassaapparatet går ikkje lenger
Tidleg satsing på ny teknologi har ein viktig plass i historia til Liefamilien. Det første ekkoloddet vart kjøpt inn alt i 1947, og kosta ufattelege 15.000 kroner. Ei investering som var vanskeleg å forsvara der og då.

Første datamaskina kjøpt Liegruppen så tidleg som i 1979. Ho skulle nyttast til å analysera informasjon frå sonaren ombord, og kosta heile 999.999 kroner. Reiaren på Liaskjæert spurte seljaren kvifor det mangla ei krone på ein million:

– Kassaapparatet går ikkje lenger, fekk han til svar.

Hydrogen
Kinesarane oppdaga hjulet for 2000 år sidan. Likevel var det først då vegen kom til Liaskjæret i 1962 at hjulet kom til Liaskjæret, fortalde Lie.

I dag satsar Liefamilien på å vera frampå den teknologiske utviklinga. Pater familias har bestilt sin første hydrogenbil, og har store forventningar til at bensinbilen sine dagar er talte. Liegruppen jobbar no aktivt for å få på plass ein fyllestasjon for hydrogen i Bergensområdet.

Mannen som ”oppdaga” Straume
Ti år etter at hjulet kom til Liaskjæret var Lie med på å starta Sotra si første bilforretning, Lieco Auto AS, saman med Ole Magne Høyland og Olav Hauge. Tomten på Straume fekk dei kjøpt av kommunen.

I dag gjer Lie nærast krav på å ha ”oppdaga” Straume.

– Ingen, aller minst ordførar Olav Midttun, forstod kva vi skulle opp i den steinrøysa å gjera, seier Lie.

At det fantes fleire mindre, lokale verksemder på Straume frå tidlegare, vert utelate i Lie-familien sin historie. Korleis det hadde seg at Fjell kommune tileigna seg store tomteområde på Straume, fortel dei heller ingenting om.

Då Sartor Senter vart utvida i 1984, stod Peder O. Lie sentralt. Han hadde for lengst fått foten innanfor som eigedomsutviklar.

Eigarskifte-erfaring
Som fjerde generasjon, veit Peder O. Lie korleis tidlegare eigarskifte har påverka verdiutviklinga i familieverksemda.

Formuen haldt på å forvitra då bestefaren Peder H. Lie brått døydde av tuberkulose i 1933, berre 50 år gammal. Bestefaren hadde kontrollert den lukrative eksporten av salta makrell til USA. Eksporten døydde med han.

Det var foreldra, Ole P. og Gudrun, som la grunnlaget for dagens velstand.

-Det gjekk mykje pengar med til å pensjonera dei tidlegare eigarane, medgjev Peder O. Lie. Med familie og aksjonærar i salen ønskjer han å uttrykka seg forsiktig.

Råd til å arva
– Du må ha råd til å arva slike selskap. Formueskatten kan vera eit problem, seier han.

God verdiutvikling frå han overtok, gjennom heile 1990-talet og fram til i dag, har auka verdien på selskapa til godt over ein milliard.

I dag eig Peder O. Lie familieverksemda saman med borna sine, søskena sine og ungane deira. Totalt har konsernet 11 eigarar.

Emosjonelle kostnadar
No er Peder O. Lie 67. Eit nytt eigarskifte nærmar seg, og mange spørsmål må avklarast.

-Emosjonelle faktorar må også vurderast. Kva kostar det å halda familien samla? Er det verd det? filosoferer dagens majoritetseigar.

Heilt klar for å leggja inn årane er Peder O. Lie enno ikkje:

– 60-åringane i dag er ikkje som 60-åringane for 60 år sida. Vi har treningssenter, kontra han ordstyraren for seminaret som hevda at verdiane har ein tendens til å byrja å forvitra når majoritetseigaren har passert 60.

10 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.