Etterlyste realismen i Kleppestø-scenariene

Dekkar ideskissene til nytt Kleppestø sentrum dei behova som innbyggjarane i kommunen eigentleg har?

Mange spørsmål frå salen og ein tydeleg skepsis prega møtet der planleggjarane i Askøy oppsummerte innspela frå dei ulike gruppene i samband med plansmia.

Fleire etterspurte realismen i planane. Bør ikkje kommunen satsa på å løysa dagens utfordringar, redusera trafikkmengda gjennom Kleppestø sentrum og få slutt på køkøyringa til Bergen, framfor å planleggja for ei storstilt tilflytting som berre vil forsterka problema?

Melde seg ut

Saksordførar Arild Raftevoll - einsleg politikar på plansmia.
Saksordførar Arild Raftevoll – einsleg politikar på plansmia.

Fleirtalet av politikarane i kommunen melde seg ut då plansmia skulle arrangerast.

Tidlegare rådmann og ordførar sine storstilte visjonar for Kleppestø har vekt stor motstand lokalt. No etterlyste publikum dialogen med styringsgruppa, altså politikarane, undervegs i plansmia.

– Har de ikkje teke sjansen på gnissningar? Fekk byplanleggjar og prosjektansvarleg Bente Karlsen spørsmål om frå salen.

Saksordførar Arild Raftevoll (V) gjer krav på å ha vore den einaste politikaren som har vore tilstade på samtlege verkstadar og møte. Kvifor dei øvrige glimra med sitt fråvær, ønskjer eller vil Raftevoll ikkje seia noko om.

Lite demokratisk
Varaordførar Bård Espelid (Askøylista) hadde vore på fleire av møta, mellom anna møtet med næringslivet.

– Eg har sakna dialogen mellom dei ulike gruppene. No har innbyggjarar, næringsliv og frivillige organisasjonar hatt separate møter der vi ikkje har fått prøvd dei ulike synspunkta mot kvarandre, seier Espelid som legg til at han synes gjennomføringa av plansmia har vore lite demokratisk.

Trafikk inn i sentrum?

- Ei konsekvensutgreiing vil avgjera kor realistisk dei ulike alterantiva er, seier varaordførar Bård Espelid (Askøylista).
– Ei konsekvensutgreiing vil avgjera kor realistisk dei ulike alterantiva er, seier varaordførar Bård Espelid (Askøylista).

At det må gjennomførast ei konsekvensutgreiing av dei ulike alternativa, er Espelid og Raftevoll samde om.

Eit sentralt spørsmål vil vera kor mykje meir trafikk det er mogeleg å pressa inn i sentrumsområdet på Kleppestø før ein vert nøydd til å laga ein omkøyringsveg?

Etterlyser realismen
– Det er viktig å merka seg at plansmia berre har omfatta sjølve sentrumsområdet. Grensene for områdeplanen er langt vidare. Det vert lagt opp til ei vesentleg bustadbygging også i dei omkringliggande områda, slik at den totale trafikkauken vil verta vesentleg høgare, seier Raftevoll.

– Ei konsekvensutgreiing vil avgjera korvidt scenariene er realistisk eller ikkje, seier Espelid.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s