Kleppestø – landsby, småby eller by?

Morgondagens Kleppestø bør konsentrerast om strandsona opp mot handlesenteret. Plansmia har utkrystallisert tre scenarier for utviklinga av kommunesenteret i Askøy. Parkeringshus i Løfjellet inngår i samtlege.

Byplanleggjar Bente Karlsen ventar på publikum sine tilbakemeldingar.
Byplanleggjar Bente Karlsen ventar på publikum sine tilbakemeldingar.

Sjølinja og strandsona med Kleppestøsundet er sentrale kjenneteikn ved Kleppestø. Desse må vi ta vare på, skal vi unngå å gjera Kleppestø til eit nytt Straume eller Vestkanten, konkluderer planleggjarane etter at plansmia er avslutta.

Torsdag kveld presenterte dei funna for allmenta. Eit 50-tals personar hadde trassa uveret og funne vegen til Erdal kyrkje.

Mest attraktivt
Kaiområdet vil vera den mest attraktive delen av morgondagens kommunesenter, men kor høg skal utnyttingsgraden verta? Skal Kleppestø anno 2040 vera landsby, småby eller by?

Låge bygg i front, men opptrapping av byggjahøgdene opp mot Løfjellet og Maltvika ligg uansett i korta. Spørsmålet er om det skal verta to, fire eller til og med åtte etasjar.

Kva funksjonar skal finnast på kaiområdet? Her også sprikjer konklusjonane, fortalde byplanleggjar Bente Karlsen i Askøy og rådgjevar Torbjørn Sivertsen i Norconsult.

Bilane må vekk
Før noko anna kan gjerast, må bilane vekk frå det som i dag er største parkeringsplassen i kommunen. Løfjellet peikar seg ut som mest aktuelle staden for eit parkeringsanlegg, sjølv om eit lokk med kollektivterminal og parkering under også kunne ha vore eit alternativ.

Når Løfjellet peikar seg ut, er det avdi kostnaden er kjend: Kvar parkeringsplass vil kosta 250.000. Lokk-alternativet vil truleg krevja langt større investeringar. Arealet under eit slikt lokk vil heller ikkje verta ein særleg triveleg stad å opphalda seg, ifølgje Sivertsen.

Kulturhus og vidaregåande skule

- Sa du at planlegginga starta i 1986? Då er det på tida å ta ein beslutning, utbraut nytilsett rådmann Eystein Venneslan.
– Sa du at planlegginga starta i 1986? Då er det på tida å ta ein beslutning, utbraut nytilsett rådmann Eystein Venneslan.

Det bør byggjast kulturhus på kaiområdet, ifølgje planleggjarane.

Spørsmålet om plasseringa av den vidaregåande skulen overlet planleggjarane til politikarane. I Landsby-scenariet vert skulen liggjande der han er i dag. Småby-scenariet har funne plass til ein ny vidaregåande skule oppe ved Vatnavatnet. I By-scenariet er kulturhus og ny vidaregåande skule samlokalisert på kaiområdet.

Utanfor plan
Skjebnen til Maltvikaneset og bustadane der har vore stridens kjerne, og grunnlag for mykje av engasjementet til medlemmane i Kleppstø vel. No er området teken ut av det framtidige sentrumsområdet.

Politikarane bestemmer
Dei vanskelege vala vert opp til politikarane å avgjera. I februar skal kommunestyret få første prinsipielle saka på bordet, lovar Karlsen.

7 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s