Opplev bøljekrafta på Toftestallen

Hav og bøljer sender gigawatt med energi inn over svaberga på Sotra og Øygarden.  På Toftestallen kan du få inntrykk av kva energimengder som er lagra i havet – og kvifor det var fornuftig å byggja eit bøljekraftverk her.

På 1980-talet vart det gjort to forsøk på å henta ut energien frå bøljene. Men naturkreftene vart for sterke… Bøljekraftverka på Toftestallen vart tekne av havet.

Ruinane etter kraftverka på Toftestallen er i dag det einaste som vitnar om forsøka på å nyttiggjera seg all den gratis energien vi har i fjøresteinane.

På nettet finst mange innlegg om forsøka på å henta ut energi frå havet. Denne videoen laga av Svein-Magne Tunli oppsummerer hovudpoenga i den grøne kraftverkshistorien på Toftestallen. (Teksten held fram under videoen.)

Skulle du framleis vera i tvil om naturen sine rause energigåver, bør du verta med Stig-Arild Fagerli på wavespotting same staden. (Teksten held fram under videoen.)

Ruinane på Toftestallen bør verta ståande – som ei påminning om dei rause naturgjevne gåvene Sotra- og Øygardsstrilane ikkje har vørt – enno.

Verda treng energi. Av omsyn til klimaet og menneskja si framtid på jorda bør mest mogeleg av denne energien vera fornybar. Kan krisa i offshorenæringa inspirera Sotrastrilen til eit grønt skifte?

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s