Gasellesprang i Øygarden

Vekstbedriftene i Øygarden tok eit solid sprang framfor konkurrentane i Sund, Fjell og Askøy i 2014.

Fire verksemder i Øygarden oppfyllte Dagens Næringlivs krav til Gaselle-status i fjor. Det er heile tre fleire enn året før – eller ein vekst på 400 prosent.

Samanlikna med folketalet
Øygarden er no den kommunen i region vest som har flest vekstbedrifter samanlikna med folketalet, langt over snittet både i Hordaland og på landsbasis.

Også i Sund vart det fostra fram fleire gaseller i fjor, men her var auken meir beskjeden, frå fire til fem.

Krava
Dette er krava til ei gaselleverksemd:
-aksjeselskap
-ha levert godkjente rekneskapar
-minst dobla omsetninga over fire år
-omsetning på over ein million kroner første året
-positivt samla driftsresultat
-unngått negativ vekst

Flest i Fjell
Med 17 gaseller – like mange som i 2013 – haldt Fjell stillingen som den kommunen i Hordaland med flest vekstbedrifter, nest etter Bergen.

Einaste kommunen med negativ utvikling er Askøy. Med ein reduksjon i talet på gaselleverksemder frå 14 til elleve, er Askøy einaste kommunen i regionen med færre vekstbedrifter enn landsgjennomsnittet.

Over snittet
I Hordaland er det no 5,1 gaselleverksemder per 10.000 innbyggjarar. Det er 0,4 fleire enn på landsbasis.

Modalen toppar
Flest gasellebedrifter samanlikna med innbyggjartalet har dei i Modalen. Ei vekstverksemd innber at knøttakommunen med 384 innbyggjarar har heile 26 gaseller per 10.000 innbyggjarar.

På andreplassen i Hordaland finn vi Austevoll. Åtte gaseller er det same som 15,8 per 10.000 austevollingarar.

I Bergen er det til samanlikning «berre» 147 gaseller, eller 5,3 per 10.000 bergensarar.

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s