To Fjell-verksemder kjempa om tittel som årets gaselle i Hordaland

Etter tre magre år med utviklingsarbeid og beskjedne inntekter, eksploderte omsetnaden til IKM Cleandrill på Straume i fjor. No er verksemda Hordalandsvinnar i Dagens Næringsliv si gasellekåring.

Gasellevinnarane i Hordaland intervjua av sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv. Fv. Kjetil Lavik, Harald Hufthammar og Sveinung Olsen.
Gasellevinnarane i Hordaland intervjua av sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv. Fv. Kjetil Lavik (delvis skjult), Harald Hufthammer og Sveinung Olsen.

Det var sjefredaktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv som i dag delte ut prisen til dei tre gründerane Sveinung Olsen, Kjetil Lavik og Harald Hufthammer i IKM Cleandrill AS på vegne av dei 27 tilsette.

Air Liquid Offshore
Positiv utvikling sidan starten, femdobling av inntekta frå 9,39 millionar i 2013 til 53 millionar kroner og ein driftsmargin på 26,5 prosent i fjor, var det som skulle til for å sikra IKM Cleandrill AS posisjonen som fylkesvinnar i den nasjonale gasellekonferansen.

Gassleverandøren Air Liquid Offshore AS på Ågotnes kapra andreplassen med ein omsetnad på 45 millionar kroner, og eit driftsresultat på 27,7 prosent.

Trangt nålauge
Dei to Fjell-verksemdene har passert ein trongt nålauge. Næringslivsavisa, i samarbeid med Bisnode Credit, går årleg gjennom rekneskapane til nær 185.000 norske aksjeselskap for å kåra vekstvinnaren. I Hordaland konkurrerte dei med 27.700 andre selskap.

Miljøet på Sotra
IKM Cleandrill kunne henta sigeren heim til Sotra etter å ha vunne over 262 andre Hordalandsverksemder som tilfredstiller krava til ei gaselleverksemd. 17 av dei kjem frå Fjell.

– Det å koma frå Sotra betyr ein del. Vi har vurdert å flytta over brua, men har konkludert med at miljøet på Sotra er viktig for aktiviteten vår, forklarar Sveinung Olsen ein av suksessfaktorane bak kåringa.

Business as usual
Sidan 2011 har IKM Cleandrill AS hatt ein vekst i omsetnaden på formidable 3307 prosent, har den landsdekkjande næringslivsavisa rekna ut.

Alt tyder på at dei vert med i kåringa neste år også. I Trollhaugmyra merkar dei lite til dei dårlege tidene. Dei driv business as usual:

– Vi reknar med vekst i år også, svarte Hufthammer på direkte spørsmål frå Djuve.

Einaste konsekvensen dei merkar av nedgangstidene, er at det er blitt lettare å få tak i kvalifisert personell.

Behandla boreslam
IKM Cleandrill AS har spesialisert seg på utvikling av teknologi som kan bidra til å redusera utsleppa og betra det ytre miljøet i tilknyting til boreoperasjonar. Verksemda gjer krav på å vera eitt av to selskap på verdsbasis som behandlar boreslam frå oljeindustrien.

IKM Cleandrill er i dag ein global aktør, med kundar mellom anna i Malaysia og Australia. Først nyleg har dei inngått kontrakt med Statoil, fortalde Harald Hufthammer.

Marknadsbehov
Teknologiverksemda vart stifta avhopparar som forlot trygge jobbar AGR i 2010.

– Vi såg at marknaden trong ny teknologi, og vel, AGR hadde sine begrensningar, grunngav Sveinung Olsen avgjersla om å byrja som gründer.

Rosar kolleger
– Folka som står bak selskapet har vilje til å få til noko, dei har evner og dei veit å bruka kunnskapen sin på ein unik måte, rosar Olsen kollegaene sine.

– Stå på, ha tru på ideen og jobb hardt, supplerer Hufthammer.

Global aktør
For å finansiera det krevjande teknologiutviklingsarbeidet måtte gründerane alt året etter henta inn ekstern finansiering frå IKM-gruppen. Framleis har gründerane negativ kontroll i selskapet, med ein eigarandel på 33 prosent.

– Du må ha folk, ressursar og finansiering, noko som ofte er vanskeleg for små selskap, forklarar Sveinung Olsen utvatninga av eigarkapitalen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s