Vinar du aldri har smakt maken til

Lokale druesortar, dyrka i lava og aske frå Etna, utan nokon som helst form for tilsetjingar. Frank Cornelissen lagar vinar du aldri har smakt maken til.

Ekstreme vilkår for vindyrking. Etna i bakgrunnen.
Ekstreme vilkår for vindyrking. Etna i bakgrunnen.

Tunnelsyn kjem i månadane framover til å skriva ei og anna sak om vin. Felles for sakene er at redaktøren meinar dette er vinar som kan vera vel verd å prøva. Enjoy!
(Send gjerne ei tilbakemelding: Svarte vinen til forventningane? Eller er det eit anna vinrelatert tema du ønskjer vi skal ta opp?)

Moderne menneske får dagleg i seg store mengder sprøytemiddel, hormon og tilsetjingsstoff gjennom mat og drikke. Visste du til dømes at ei heilt vanleg flaske vin kan innehalda fire gongar så mykje tilsetjingsstoff som ei flaske brus? spør vinimportøren Non Dos.

Naturvin
Nisjeinmportøren ønskjer i staden å gjera nordmenn kjende med det dei kallar «naturvin». Vinar som er dyrka biodynamisk eller økologisk, og som verken er sprengdyrka med kunstgjødsel, eller er tilsett svovel eller andre konserveringsmiddel. Vinar som berre smakar av druetypen vinane er laga av og av staden der druene er dyrka.

Ekstremvin
På Sicilia, oppetter sidene av vulkanen Etna, og under ekstreme naturvilkår, lagar Frank Cornelissen biodynamiske vinar. Dei upoda vinstokkane i den 18 hektar store vinmarka får lov å gjera jobben menst mogeleg upåverka av menneskjehand.

Heller ikkje i kjellaren får vinmakaren gjera tilsetjingar som kan påverka det ferdige produktet. Vinen vert til dømes lagra i store terrakottakrukker nedgravde i kjellaren, i staden for i eikefat.

Lokale druesortar
På Sicilia har dei laga vin i 2000 år, minst. Corneliussen utforskar potensialet i tradisjonelle, lokale druesortar dei færraste ordmenn har høyrt om. Nerello mascalese til dømes, lagar ein lett og drikkevenleg vin med preg av rips eller skogsbær.

Susucaru
Cornelissen sine vinar kan vera ufiltrert, men la deg ikkje skremma av at dei i einskilde tilfelle kan framstå som litt grumsete i glast. Det gjeld til dømes rosevinen Susucaru, laga på meir kjende druetypar som malvasia og moscadella. Stikk nasen nedi glaset og pust inn aromaen av rips og syrleg rabarbra. Smakar som syrlege, ikkje heilt modne rips. Skal du unna deg ein frisk og syrleg rosevin innimellom all den feite julematen no i førjulsstida, bør du prøva denne!

Contadino

Frank Cornelissen delar gjerne si filosofiske tilnærming til biodynamisk vinproduksjon med publikum.
Frank Cornelissen delar gjerne si filosofiske tilnærming til biodynamisk vinproduksjon med publikum.

Contadino er den einklaste raudvinen til Cornelissen. Her får du smaken av vulkan opp i glaset utan at det kjennest overveldande. Rabarbra, skogsbær og sjø er andre karakteristika. Kan opplevast som grumsete, avhengig av årgang.

Munjebel
Munjebel finst i både kvitt og raudt. Den kvite vert dominert av sjø og mineral, med frisk og syrleg avslutning.

Dei raude – for det er fleire – er alle laga av nerello mascalese. I ein brei smaking er det mogeleg å få inntrykk av kor ulikt drua kan opptre, avhengig av jordsmonn, høgde/temperatur og årgang. Skogsbær og moreller dannar førsteinntrykket i samtlege. Tek du steget over frå Classico til Vigne Alte, vert smaksinntrykket straks meir komplekst. Her kan du få antyding av mineral, sopp og endatil kjøtt i glaset.

Bestelling
Personleg foretrekkjer eg den konsentrerte 2012-årgangen. Andre vil meina at dei to påfølgjane årgangane har eit meir tiltalande preg.

Nokre av pola i Bergensområdet har einskilde av Frank Cornelissen sine vinar i sortimentet. Ver førebudd på å bestella.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s