Ba Stortinget om 4,9 milliardar til Sotrasambandet

22,5 prosent statleg bidrag til Sotrasambandet er altfor lite, meinar den politiske leiinga i i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen. Tirsdag møtte dei Hordalandsbenken i Stortinget for å be om auka løyving over Nasjonal Transportplan (NTP).

Den statlege finansieringa må aukast til 4,9 milliardar kroner, oppfordrar politikarane i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen Stortingspolitikarane.
Staten må ta 4,9 milliardar kroner av investeringskostnadane, oppfordrar politikarane i Fjell, Sund, Øygarden og Bergen Stortingspolitikarane.

Ordførar Marianne Bjorøy og varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell fronta den topptunge delegasjonen som også omfatta ordførar Kari-Anne Landro i Sund, ordførar Børge Haugetun i Øygarden og byråd for byutvikling, Anna Elisa Tryti, i Bergen.

Det nye Sotrasambandet er kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner, nær ein milliard kroner per kilometer, og vert eit av dei dyraste i landet, målt etter kostnad per kilometer.

I NTP er det berre sett av to milliardar i statleg finansiering. Resten må finansierast av bompengar.

45 kroner er nok
Bompengane må ikkje overstiga 45 kroner ein veg, medrekna rabatt, har den politiske leiinga i dei fire kommunane som avheng av sambandet har rekna seg fram til. For å få det til, må den statlege finansieringa aukast frå 22,5 prosent, til 55 prosent av investeringskostnadane, eller 4,9 milliardar kroner.

Mindre enn Rådal – Svegatjørn
Bidraget til Sotrasambandet vil i så fall vera lågare enn den statlege finansieringa av Rådal – Svegatjørn. Her klarte leiinga i Os  nyleg å forhandla opp den statlege andelen til 60 prosent.

Les også:
Kan det henda her?
Sotrasambandet – tre alternativ for bomstasjonar

Ei utfordring å finna finansiering

7 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s