Fylkesmannen fekk medhald i Oslo

To av tre bustadtomtar i ein reguleringsplan på Brattholmen må omregulerast til friomåde. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjev fylkesmannen i Hordaland delvis medhald i motsegna.

Det var våren 2013 at Fjell kommune vedtok reguleringsplanen for det kring 50 mål store området mellom barneskulen på Brattholmen og Brattholmsundet. Her vart det sett av areal mellom anna til framtidig utviding av skulen, bustadar, garasjeanlegg og båtplassar for bebuarane på Langholmen og eit større friområde.

Motsegn
Plasseringa av tre av bustadtomtane vart møtt med motsegn frå fylkesmannen i Hordaland. To av tomtane ligg i strandsona til sjø, på ein skrent utan direkte sjøtilkomst, og i eit friområde.

Den tredje og siste tomta ligg tett inntil skuleplassen og vert nytta av skuleborna.

I strandsona
Dei to tomtane som no må omregulerast til friområde, ligg begge i den funksjonelle strandsona, ifølgje fylkesmannen.

– Fjell kommune er ein kommune med stort byggjepress i strandsona. Området som gjer plass for to bustadtomter ligg innanfor funksjonell strandsone i 100 metersbeltet og i framkant av eksisterande bustader, skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tett utbygd
I avgjerda har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vektlagt at den omkringliggjande strandsona er tett utbygd. Det gjer friområdet stor verdi som rekreasjonsområde for bustadområda i nærleiken.

Landskapsbiletet
Fjernverknaden av landskapet veg og tungt i departementet si vurdering. Dei eksisterande bustadane ligg i ei line noko meir i bakkant, slik at dei vert skjult av vegetasjonen i friområdet, i følgje vurderinga.

– Utbygging av det høgaste punktet på skrenten vil få negativ verknad for landskapsbiletet, hevdar departementet.

Bustad
Tomta ved skulen vart nytta som leikeområde av skuleborna, bekreftar tidlegare rektor. Tomta har likevel vore inne som bustadføremål i dei to siste kommuneplanane. Departementet har no stadfesta Fjell kommune sin reguleringsplan for denne tomta.

Friområdet i nærleiken kan vera erstatningsområde for dette leikeområdet, ifølgje departementet.

Kommentar frå fylkesmannen
– Fylkesmannen meiner at saka samla sett viser verdien av friområde i og tett ved bustadområde. Det blir meir viktig å ta vare på desse, jo tettare utbygginga blir, melder fylkesmannen i Hordaland på nettsidene sine.

Du kan lesa Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt vedtak her.

One thought on “Fylkesmannen fekk medhald i Oslo

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.