Elbilane kan velta finansieringa

Reknestykket om bompengefinansiering av det nye Sotrasambandet tek høgde for 10 prosent elbilar som passerer utan å betala. Kva skjer om det vert fleire elbilar?

Nye ladbare modellar har gjeve Volkewagen og Golf nye musklar og auka konkurransekraft. Foto: Volkswagen.
Stadig fleire elbilar som denne Golfen passerer bomstasjonane på Askøy utan å betala. Foto: Volkswagen.

Erfaringa frå Askøy viser at innføringa av bompengar har inspirert asketappane til innkjøp av elbilar en masse. Kvar femte bil som passerer bomstasjonane er no ein elbil, ifølgje rådmann Steinar Nesse i Fjell.

Korvidt Sotrastrilen vil gjera det same, vil avhenga mellom anna av kor høg bompengesatsen vert.

– Askøypakken var fullfinansiert. No sviktar inntektsgrunnlaget, konstaterer Nesse.

– Elbilar er bilar det og. Dei står i same køen, og virvlar opp like mykje svevestøv som andre bilar. Det politiske miljøet må ta denne diskusjonen, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

– Det må vera håp om at denne meiningslause statlege subsidieringa av elbilar snart tek slutt. Om vi vel alternativ 3, med ein bomstasjon på Sotrabrua, kan vi heller leggja på ei ekstravgift på elbilane med 10 prosent, supplerte Svein Bergh (Sotra lista).

Les også:
Sotrasambandet – tre alternativ for bompengestasjonar

4 Comments

    1. Lokaltrafikk på Litle Sotra og som ikkje skal over brua, bør ikkje betala. Einaste løysinga som vil verta oppfatta som rettferdig av publikum er den med berre ein bomstasjon på Sotrabrua. Ser også at det er denne løysinga Fjell kommune legg opp til, i og med at dei søkjer å få auka den statlege finasieringa til 4,9 milliardar kroner, eller 55 prosent av dei totale investeringane. Søviknes sitt vellukka lobbyarbeid ovanfor Stortinget til fordel for Rådal – Svegatjørn taler for at vi også får meir pengar frå Staten.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s