Kvalfangsten fengjer framleis i Øygarden

Overbeskattning har fleire gongar truga med å setja punktum for den norske kvalfangsten. Det er likevel ikkje menneskja sitt grådige uttak av ein begrensa naturressurs som er årsaka til at siste kvalfangaren i Øygarden no har ankra opp.

 

Vågekvalen har spela hovudrolla i kvalfansten langs Norskekysten.
Vågekvalen har spela hovudrolla i kvalfansten langs Norskekysten.

Kvalfangst var lenge ein viktig del av levegrunnlaget for folk i Øygarden. Sist veke troppa dei mannsterke opp i Kystmuseet for å høyra havforskar Nils Øien fortelja om den norske småkvalfangsten og forvaltninga av vågekvalen.

Småkval langs norskekysten
Norsk kvalfangsthistorie har utspelt seg gjennom fleire epokar, i havområde nær sagt verda over.

Langs norskekysten og i Nordsjøen er det småkvalen som har spela hovudrolla. På Kystmuseet trakk havforskaren dei store historiske linjene.

Strengt regulert

- Den norske småkvalfangsten er underlagt ein av de istrengaste reguleringane innan fiskeria, seier havforskar Nils Øien.
– Den norske småkvalfangsten er underlagt ein av de istrengaste reguleringane innan fiskeria, seier havforskar Nils Øien.

Vestlendingane var i liten grad involvert i storkvalfangsten i Sørishavet. Då denne fangsten var på topp før andre verdskrigen, vart det fanga inntil 30.000 kval årleg. Overbeskattinga, kombinert med kritikk mot inhumane fangstmetodar, førte til den Internasjonale kvalfangstkommisjonen vart oppretta i 1949, ifølgje Øien.

Den norske kvalfangsten har vore regulert sidan 1938. I dag er fangsten underlagt ein av dei strengaste reguleringane innan fiskeria, ifølgje havforskaren.

Frivillig fangsstopp
Vågekvalen er einaste sjøpattedyret som har vorte fangsta for kjøtet si skuld. Fangsten eksploderte nærast på 1950-talet. I ein periode vart det fanga kring 4.000 dyr årleg i Nordsjøen, langs norskekysten frå Oslofjorden til Finnmark og i Barentshavet.

I 1980 vart det stopp.

– Kvalbåtane var relativt små. No måtte dei stadig lenger vekk for å fanga dyr. Havforskarane estimerte at det berre var 66.000 vågekval att, og ein innsåg at bestanden var truga, fortalde Øien. Han understreka at dette var ein frivillig fangsstopp.

Gro Harlem Brundtland
I 1993 hadde bestanden av vågekval teke seg såpass opp att at havforskarane fann det forsvarleg å ta opp att ein begrensa fangst.

– Gro Harlem Brundtland tok belastninga med å stå opp mot den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Ho sytte for at den kommersielle fangsten vart teken opp att, sa Øien.

Fangar færre enn kvoten
Etter det har den årlege fangsten auka frå 200 til vel 600 vågekval årleg. Kvart år vert det fanga færre dyr enn dei årlege kvotane tillet, ifølgje Øien.

Siste kvalfangaren i Øygarden
Før krigen var det 321 norske båtar som hadde lisens for kvalfangst. Då fangsten vart teken opp att i 1993, var dei 30. I dag er talet redusert til 20.

– Ingen av fartøya er heimehøyrande i Øygarden. Berre eit fartøy har base sør for Ålesund, ifølgje Atle Dale. Siste kvalfangaren i Øygarden har ankra opp, men var tilstade i den fullsette salen på Kystmuseet.

– Internasjonale reguleringar, kombinert med mottakssituasjonen, har gjort det stadig mindre aktuelt å driva med kvalfangst langs vestlandskysten, fortalde Dale.

Begrensa mottakskapasitet
No skjer mesteparten av vågekvalfangsten i Vestfjorden og nordover mot Svalbard. Det har resultert i at det ikkje lenger finst mottaksanlegg lenger sør.

For landanlegga krev Mattilsynet at bearbeidinga av kvalkjøt skal skje atskilt frå bearbeidinga av fisk. Ikkje berre medverkar dette til å redusera mottakskapasiteten, det har også ført til at fangstperiodane vert kortare.

30 millionar
– Einaste løysinga er å driva sjølvproduksjon og bearbeida kjøtet ombord, hevda Dale.

Fartøya som er att tek no fleire kval per båt enn tidlegare. To fartøy som driv sjølvproduksjon stod i år for tredelen av den samla fangsten på 660 dyr.

Den totale verdien på fangsten er i dag begrensa til kring 30 millionar kroner, ifølgje Øien.

Midtlinjeprisnippet
Norske kvalfangarar vart utestengt frå britisk sokkel i Nordsjøen på 1970-talet som følgje av internasjonale havrettsforhandlingar.

Semja om midtlinjeprisnippet sikra Norge retten til olje- og gassressursane i Nordsjøen, men førte samstundes til at vi mista retten til å følja dei mobile fiskeri-ressursane ettersom dei forflyttar seg på leit etter mat.

Register
Som ein konsekvens av ei konsesjonsordning som går heilt tilbake til 1938, sit havforskarane i dag på eit register med detaljert og omfattande informasjon om 140.000 fanga kval, henta frå fangstdagbøkene om bord i kvalfangarskutene.

Sidan 1997 er det teke genprøvar at alle fanga kval. Slik kan havforskarane få informasjon mellom anna om forureining og kva konsekvensar det har fått for tilgangen til mat i kvalen sine føretrekte beiteområde.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s