Overraska over departementsvedtak

Det skjer svært sjeldan at eit departement overprøver lokale prioriteringar. Varaordførar Tom Georg Indrevik er overraska over Kommunal- og moderniseringsdepartementet si avgjerd om å omregulera to bustadtomtar på Brattholmen til friområde.

– Eg kan ikkje sjå at det i dette tilfellet er regionale omsyn som tilseier at det er behov for å overprøva lokale ønskjer for arealdisponering. Eg er difor overraska over at departementet har valt ikkje å ta til følgje dei lokale prioriteringane, seier Indrevik som var leiar for Komite for Plan og utvikling då reguleringsplanen i Brattholmen vart vedteken i 2013.

Skjer sjeldan
At departementet grip inn og overstyrer kommunale vedtak i Fjell, skjer svært sjeldan. Dette er andre gongen i denne regjeringsperioden. Sist det skjedde var i samband med nedbrenninga av hytta på Hjeltholmen. ifølgje den erfarne planpolitikaren.

Har fått noko
For grunneigaren i Brattholmen har dette vore ein uvanleg lang og slitsam reguleringsprosess. Sjølv om eindel av området no er regulert til friområde, har grunneigaren samtidig fått løyve til å skilja ut eindel bustadtomtar. Arbeidet har difor ikkje vore forgjeves, påpeikar Indrevik.

Heilskapleg planlegging
– Departementet peikar på at det er viktig å sikra dette området som rekreasjonsområde, avdi resten av strandsona er nedbygd, kva tenkjer du om det?

– Vi treng ei heilskapleg planlegging. Då kan vi unngå at nokon grunneigarar vert sitjande att med katta i sekken, medan andre får utnytta eigedomane sine maksimalt, seier Indrevik.

Det er i håp om å få til ei slik heilskapleg planlegging og unngå urettferd, at det i den nye arealplanen vert stilt krav om at det må utarbeidast ein kommunedelplan for nordre delen av Litle Sotra, utdjupar Indrevik.

Konfliktar
At det kan oppstå konfliktar mellom ønskjer om utbygging i strandsona, og ønskjer om vern, innser varaordføraren.

-Ikkje heile strandsona bør byggjast ned. Vi treng å kartleggja verneverdige område, td, naustområde som er særleg verneverdige. I dag er det altfor mange naust som står til nedfalls, seier Indrevik.

Plan for strandsoneforvaltning
Ein plan for strandsoneforvaltning vil kunna peika ut verneverdige område. Eit slikt arbeid må gjerast i samarbeid med Sund og Øygarden. No er strandsonekartlegginga sett på vent til etter at vi har fått ei avklaring om ei eventuell kommunesamanslåing våren 2016, seier han.

No tek Indrevik Kommunaldepartementet si avgjerd til etterretning.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.