Sotrasambandet – tre alternativ for bomstasjonar

Bompengesatsar og plasseringa av bomstasjonane i tilknyting til det nye Sotrasambandet vil verta eit heitt politisk tema når det kjem på dagsorden over nyttår.

Sotrasambandet
Med berre ein bomstasjon på sjølve Sotrabrua, vil det vera behov for 55 prosent statleg  finansieringa, tilsvarande 4,9 milliardar kroner.

Formannskapet i Fjell fekk i dag eit orientering om ulike alternativ av spesialrådgjevar Willy Sørensen.

Nytteprinsippet
– Statens vegvesen er nøye på at plasseringa av bomstasjonane vert avgjort ut frå eit nytteprinsipp. Dei som betalar skal ha nytte av vegsambandet, og dei som nyttar det, skal betala bompengar, forsikra Sørensen.

Avgjerande faktorar
Plasseringa av bomstasjonane, talet på bilar som passerer, saman med andel av statleg finansiering og lånerenta er dei faktorane som vil medverka til fastsetjinga av den endelege bompengesatsen, sa spesialrådgjevaren.

Bomstasjonane
Når det gjeld plasseringa av bomstasjonane skisserte spesialrådgjevaren tre alternativ:
Eit tett system, som lukkar heile det nye sambandet, medrekna dei firefelts motorvegane på Litle Sotra og i Drotningsvik inne i bomringen. Mesteparten av lokaltrafikken på Litle Sotra og på innsida av brua vil i så fall verta avgiftsbelagt.

To bomstasjonar, ein i Bildestraumen, og ein på sjølve Sotrabrua, er eit anna alternativ. Også her vil storparten av lokaltrafikken på Litle Sotra verta omfatta av bomringen.

Den tredje og einklaste løysinga vert å ha ein bomstasjon på sjølve Sotrabrua.

Smerteterskel
Brukarane må oppleva bompengesystemet som rettferdig. Ein bompengesats på 40 – 50 kroner vil vera ein ein balansegang mellom kor mykje pengar ein kan krevja inn, utan at avgifta vert så høg at bilistane i staden vel løysingar som inneber at dei slepp å betala, ifølgje Sørensen.

Statleg finansiering
Reiseundersøkingar viser at storparten av trafikken går mellom Bergen Vest og Litle Sotra.

Med eit tett system, vil ein kunna få 29.300 daglege passeringar gjennom bomringen. Sotrasambandet vil dermed ha behov for 4.4 milliardar kroner i statleg finansiering, tilsvarande 49 prosent av totalkostnaden, føresett at lånerenta er 6,5 prosent.

Med to bomstasjonar vil talet på bilar gjennom bomringen verta redusert til 27.700. Samstundes aukar behovet for statleg bidrag til 4.6 milliardar – 52 prosent av totalkostnaden.

Vel ein istaden å ha berre ein bomstasjon på sjølve brua, vil berre 25.600 bilar passera i løpet av døgnet, slik at den statlege andelen må aukast til 55 prosent eller 4,9 milliardar, ifølgje Sørensen.

Må auka den statlege andelen
– Å få auka den statlege av finansieringa vil vera ei prioritert oppgåve, konstaterer ordførar Marianne Bjorøy som før helga var i Oslo og orienterte Hordalandsbenken i Stortinget.

Sluttrekninga på det nye Sotrasambandet lyd på 8,9 milliardar kroner. I Nasjonal transportplan (NTP) vert det lagt opp til at Staten berre skal betala to milliardar kroner og at bilistane skal ta resten av rekninga. Den statlege andelen tilsvarar 22 prosent av dei samla investeringskostnadane.

Trinn to?
Kostnaden på 8,9 milliardar gjeld kun den nye brua og ni kilometer med ny firefelts veg. Saman med Statens vegvesen diskuterer Fjell kommune no eit mogeleg trinn to, som skal omfatta strekkjene Storavatnet – Liavatnet i Bergen, og Kolltveit – Ågotnes og Kolltveit – Austefjorden på Sotra.

Les også: Elbilane kan velta finansieringa

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s