Oljesmurte parforhald

Kvinner i kommunane kring Bergen tenar i snitt kring 200.000 mindre enn partnarane sine. Inntektsgapet aukar år for år.

Inntektsstatistikken for kommunane i region vest er dyster lesning for dei som er opptekne av likestilling.

Oljesmurt diskriminering
Menn vel tekniske fag, kvinner vel omsorg. Tendensen til tradisjonell kjønnrolletenking når det gjeld yrkesval slår sterkare ut lønsmessig her enn dei fleste andre stadar.

Høg andel av menn med teknisk bakgrunn tilseier at dei i større grad har søkt seg til offshorerelaterte yrke. Ein bransje der lønsnivået gjennomgåande er høgare enn andre stadar.

213.000 kroner
Minst var lønsgapet i Bergen. Her hadde mennene i snitt ei brutto inntekt på 531.000 kroner i fjor. Kvinnene tente 352.800 kroner. Ein lønsgap på 179.000 kroner.

Menn frå Fjell var dei høgast løna i regionen, medrekna Bergen. Dei hadde i snitt ei brutto inntekt på heile 552.200 kroner, altså 126,100 kroner meir enn Ola Gjennomsnitt. Kvinnene derimot, tente berre 339.400 kroner. Heile 213.000 kroner mindre enn partnarane sine.

Verst i Øygarden
Lønsgapet mellom kvinner og menn aukar. Verst er utviklinga i Øygarden. Frå 2013 til 2014 auka inntektsforskjellen med 10.100 kroner i kvinnene sin disfavør. Heller ikkje Askøy har mykje å skyta av når det kjem til arbeid for likeløn. Her auka mennene sitt lønsmessige forsprang med 6.600 kroner.

Frå 2013 til 2014 auka inntektsskilnaden mellom kjønna i Bergen med 3.700 kroner. I Fjell vart forskjellen marginalt forverra, 600 kroner.

Sund – positivt unntak
Sund er einaste kommunen der lønsutviklinga gjekk i kvinnene sin favør. Her krympa den kjønnsbestemte lønsskilnaden med 1.200 kroner frå 2013 til 2014.

Brutto inntekt for samtlege nordmenn, uansett kjønn, i 2014 var 426.100 kroner.

Kostnaden av tradisjonelle val
Kvinner har ein tendens til å velja omsorg. I tillegg har vi ein tendens til å jobba deltid, eller ta nokre års pause i den mest krevjande småbarnsperioden. Truleg er det også dei som tenkjer slik at så lenge hannen tenar bra, kan dei sjølv via seg til familien?

Slik går vi kvinner glipp av viktige ansennitets- og pensjonspoeng. Kvinner tenar med andre ord gjennomgåande mindre enn jamngamle menn i same type jobb.

Kva når arbeidsløysa stig?
Parforhalda i region vest er oljesmurt. Inga kontantstøtte kan motverka eit kjønnsbestemt inntektsgap på 200.000 kroner. Korleis vil den kjønnsbestemet lønsskilnaden påverka familieøkonomien ettersom arbeidsløysa innan offshore aukar? Kanhende det er på tide å ta arbeidet for likeløn på alvor?

Les også:
Fjellsokningane har mest gjeld
Fjellsokningane betalar mest skatt

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s