IKM Cleandrill heilt til topps

Straumeveksemda IKM Cleandrill AS har gått heilt til topps i Dagens Næringsliv si kåring av den mest spretne gasella i landet.

IKM Cleandrill
Gründerane Sveinung Olsen (fv) og Harald Hufthammer, saman med kollega Kjetil Lavik, henta prisen då IKM Cleandrill vart kåra til Hordalandsvinnar i Dagens Næringsliv si gasellekåring.

Sist veke skreiv Tunnelsyn om IKM Cleandrill som etter tre magre år endeleg fekk gjennomslag i marknaden og som vart Hordalandsvinnar i Dagens Næringslivs si årvisse tevling om å vera sprekaste vekstbedrifta i fylket.

I ettermiddag vart det klart at Straumeverksemda som bearbeidar boreslam til oljeindustrien klatrar heilt til topps i den nasjonale kåringa.

Som gaselle har IKM Cleandrill hatt positiv utvikling sidan starten. Etter tre magre år tok salet endeleg av i fjor. Frå 2013 til i fjor femdoba dei inntekta frå 9,39 millionar i 2013 til 53 millionar kroner. Samla vekst sidan 2011 er på heile 3473 prosent, har økonomiavisa rekna ut.

Dei tre gründerane Sveinung Olsen, Tom Hasler og Harald Hufthammer har framleis negativ kontroll. Største eigar i dag er Rogalandsverksemda IKM, leia av Ståle Kyllingstad.

Les omtale på DN.no

Les også:
To Fjellverksemder kjempa om tittel som årets gaselle i Hordaland
Gasellesprang i Øygarden

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s