Vil læra av dei beste

1300 følgjarar på Facebook er berre ein start. Snart kan du chatta med sakshandsamarane i Fjell kommune. Kommunen investerer 32 millionar for å møta innbyggjarane sine forventningar til digitale tenester.

fjell kommune på facebookI vekstkommunen Fjell ser administrasjonen at dei treng å ta grep før dei kan leva opp til moderne innbyggjarar sine forventningar om at digital kommunikasjon skal vera eit naturleg førsteval i kontakt med kommunen.

Strategisk grep
Ein ny kommunikasjonsstrategi skal utgjera grunnlaget for satsinga dei komande åra, orienterte servicetorgsjef Lillian Torsvik politikarane i formannskapet tidlegare denne veka.

Kommunikasjonsstrategien vil verta avstemt mot Regjeringa sine forventningar til kommunane, eit dokument som er venta ferdig til våren.

Betre kommunale tenester
– Målsetjinga med å styrka den digitale kommunikasjonen er at kommunen skal kunna levera betre tenester, supplerte IKT-sjef Kjell Fyllingen.

Å føra ein offentleg tenesteprodusent inn i den papirlause tidsalderen er ikkje gjort over natta. IKT-strategien for 2014 – 2017 legg opp til ei ambisiøs satsning på ny teknologi, og inneber samla investeringar på 32 millionar i perioden.

Tilgang for alle
Portalen www.fjell.kommune.no skal vidareutviklast. Ei viktig oppgåve vert å tilretteleggja for universell tilgang, slik at svaksynte og blinde også kan kommunisera med kommunen via datamaskina, ifølgje Fyllingen.

Portalen skal og utstyrast med eit responsivt design, slik at brukaren får tilgang til same tenestene dersom ho koplar seg opp frå nettbrett eller mobiltelefon.

For å nå flest mogeleg av innbyggjarane, er Facebooksida er alt på plass. Nye verktøy som Twitter, Instagram, Shapchat, webtv og ulike appar er til fortløpande vurdering, fortalde IKT-sjefen.

Mange små steg
Noko av den nye funksjonaliteten er alt på plass. FjellVar sine kundar har til dømes merka at dei har fått SMS-varsling når det er noko gale med vassforsyninga.

Husbyggjarar og eigedomsutviklarar har oppdaga at eigedomsinformasjon og planar no er tilgjengeleg på nett.

To tunge løft
To tunge løft står på dagsorden dei komande åra: Innføring av digitale søknadsskjema og heildigitalt arkiv.

Offentleg sektor har lenge snakka om å innføra digital skjema, men vegen dit har vist seg å vera ei hinderløype. No er likevel dei fleste hindera rydda av vegen, slik at kommunen så smått kan byrja vurdera å digitalisera tenester. Tanken er at brukaren får opp skjemaet på skjermen og fyller det ut digitalt. Informasjonen legg seg direkte inn i sakshandsamingssystemet, slik at standardiserte søknadsprosessar kan utførast automatisk.

Kommunen har eit omfattande papirbasert arkiv som går mange tiår tilbake. Å få skanna inn desse informasjonsmengdene er ei omfattande, for ikkje å seia umogeleg oppgåve. Frå 1. Januar 2017 er det likevel meininga at Fjell kommune skal ha all informasjon tilgjengeleg via nettet, ifølgje Fyllingen.

Læra av dei beste
Kommunenorge er i endring. Fleire kommunar har truleg kome lenger på dette området enn Fjell. Servicetorgsjefen har difor kontakta DIFI, Direktorat for forvaltning og IKT, i håp om å hausta av andre si erfaring:

– Fjell vil læra av dei beste, seier Torsvik.

Les også:
– Vi risikerer å verta historielause

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s