Frykta erstatningskrav på eit titals millionar

Talet på elbilar på ferjene i Hordaland har eksplodert siste året. I frykt for å pådra seg kompensasjonskrav i millionklassen frå ferjeoperatørane for tapt inntekt, har Hordaland fylkeskommune valt å innføra halv takst for dei miljøvenlege køyretøya.

MF Trondheim er hovudferje på Hufthammar - Krokeide. Det er på dette sambandet elbiltettleiken er høgast.
MF Trondheim er hovudferje på Hufthammar – Krokeide. Det er på dette sambandet elbiltettleiken er høgast.

Den offentlege subsidieringspolitikken har verka. Elbilane utgjer no ein betydeleg del av nybilsalet i Hordaland. Det knapt nokon hadde føresett, var at dette skulle få konsekvensar for offentlege inntekter.

No viser den høge elbilandelen att i statistikken for dei 14 ferjesambanda i fylket. Tydelegast er utslaget på strekkja Hufthammar – Krokeide. Førebelse tal indikerer at meir enn 25.000 elbilar, eller kvar tiande personbil, til og frå Austevoll reiste gratis i 2015.

10 millionar
Når elbilane slepp å betala, tapar ferjeoperatøren inntekter. Eit inntektstap operatøren i neste omgang krev kompensert av fylkeskommunen, fortel informasjonsrådgjevar Bjarte Brask Eriksen i Hordaland fylkeskommune.

– Det er rekna med at fylkeskommunen på alle desse 14 ferjestrekningane kan få krav på i underkant av 10 millionar kroner om elbilane framleis fekk køyre gratis, skriv Brask Eriksen i ein epost til Tunnelsyn.no.

Mest til Austevoll
Fylkeskommunen reknar med å måtta auka i tilskotet til ferjeoperatøren FosenNamsos Sjø AS som driftar sambandet Hufthammar – Krokeide med kring 2,4 millionar kroner som kompensasjon for tap av inntekt på grunn av elbilar. Ved å innføra halv takst, tilsvarande rabattert pris for elbilane på ferjene, slepp fylkeskommunen denne ekstrautgifta, ifølgje Brask Eriksen.

Hordaland fylkeskommune er den andre i landet, etter Sør Trøndelag, som innfører betaling for elbilar på fylkesvegferjene.

Les også:
Elbilane kan velta finansieringa

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s