Heilag vin

Ei julehelg i Italia eindel år tilbake opna augene mine for Vin Santo – heilag vin. No i adventstida er den ravfarga dessertvinen er ein varmande stemningsskapar.

20151213_vin santoVin Santo har tradisjonar tilbake til mellomalderen, eller enda lenger. Namnet heilag vin skal han ha fått fordi han opphavleg vart laga av munkar og visstnok vart nytta som altervin.

Framfor peisen
Alle vinar har si årstid. Vin Santo er ein vin for hustrige vinterdagar. Moderne italienarar nyt gjerne Vin Santo som aperitif framfor ein sprakande peis i dei vinterkjølege husa.

Aprikos, fiken, rosiner og honning er ord som gjerne dekkjer opplevinga av Vin Santo. Ei aning av nøtter og sopp, ja endatil trøflar kan i einskilde tilfelle vera relevant å trekkja inn for å utdjupa omtalen.

Konsentrert
Som dessertvinar flest er Vin Santo gjerne i den søte enden av smaksskalaen, sjølv om det ikkje alltid er tilfelle. Sødmen må tilskrivast produksjonsmåten. For å auka sukkerinnhaldet i druene og få ein mest mogleg konsentrert most, vert druene tørka på ein luftig stad i tre – seks månadar før dei vert pressa. Mosten vert lagra på små eikefat i minst tre år, og gjennomgår gjerne ei lett oksidering før han er klar til å tappast på flaske.

DOC
Vin Santo byrjar verta ein vin for spesielt interesserte. Fleire italienske vinprodusentar har gått vekk frå å laga denne nisjevinen. Druesortane malvasia og trebbiano som oftast vert nytta, i samsvar med kvalitetskrava i ulike DOC, kjempar på vikande front mot meir kommersielle sortar.

Castello di Ama
Sjølv om Vin Santo vert produsert fleire stadar i Italia, er det Toscana og Firenze som har fått æra av å vera vinen sin heimstad.

1998
Castello di Ama, i hjarta av Chianti, er ein av produsentane som framleis held stand. Då eg oppdaga vinen under ein juleferie i Italia tidleg i dette tusenåret, var eg så begeistra at eg tok med heim ei flaske av 1998-årgangen. Flaska har fått liggja uopna i kjellaren, heilt til at det denne helga var tid for å nyta dei sjeldne dråpane.

Fiken og nøtter
1998 var ein god årgang, og viste seg å ha tålt opphaldet i kjellaren svært godt.

Djup ravgul på farge, innsmigrande duft av fiken, nøtter, smør og rosiner. Smaken er meir kompleks, med honning og sopp som supplement.

Nyt Vin Santo aleine, saman med tørre mandelkjeks, Cantucci, eller med blåmuggost, og du får ei kjensle av sommar i kroppen.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s