Kulturminnelaget vil berga Borgstovo

Fjell kulturminnelag lar seg ikkje avskrekka av forfallet på Borgstovo på Fjell prestegard. Dei vil gjerne berga stova  og flytta henne til Gjerdet Kulturminnegard.

Borgstovo på Fjell prestegard.
Borgstovo på Fjell prestegard. Eit forsøk på naudreparasjon tidlegare i haust avslørte at bygget var i enno dårlegare stand enn ein hadde frykta.

Borgstovo på Fjell prestegard har stått til nedfalls i mange år. Både Kulturminnelaget og Eldrerådet har uttrykt bekymring over forfallet av det kulturhistoriske bygget.

Vårt prosjekt
– Kulturminnelaget kjenner eit ansvar for dette huset. For mange år sidan var fleire av våre medlemmer med på omfattande dugnadsarbeid på Borgstovo, og vi har alltid rekna denne bygningen som eitt av våre prosjekt, skriv Hallgeir Dale, leiar for Kulturminnelaget, i eit brev til eigaren Opplysningsvesenets Fond (OVF).

Eigaren vil riva
Ein inspeksjon frå OVF tidlegare i haust bekrefta at Borgstovo er i svært dårleg forfatning.

– Borgstovo får ikkje stå til skamme, uttalte prestegardsinspektør Gunnar Birkeland i OVF til Tunnelsyn.no då vi tok opp saka.

Eit forsøk på naudreparasjon konkluderte med tilstanden er langt verre enn det ein kan sjå frå utsida. OVF ser helst at bygget vert rive.

Kultursjefen i Fjell er muntleg orientert om situasjonen. Nokon formell søknad om løyve til riving er ikkje motteken i Fjell kommune.

Lokal samlingsstad
Leiaren for Kulturminnelaget lar seg ikkje avskrekka av OVF sin konklusjon. Dale har kontakta eigaren for å få innsyn i kva det vil kosta å setja bygget i stand.

Tanken er å kunna flytta Borgstova til Gjerdet Kulturminnegard og setja bygget i stand, slik at det kan fungera som samlingsstad for lokale lag og organisasjonar.

Planlegg dugnad
– Kulturminnelaget har erfaring frå tidlegar prosjekt med å samla inn pengar for å reparera bygningar med historisk verdi. No er dei villig til å påta seg å gjera ein tilsvarande innsats for å ta vare på Borgstovo, fortel Dale.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s