Kulturminneplan – NO!

Historiske bygg og andre kulturminne forsvinn i alarmerande tempo i Fjell. Når kommunestyret torsdag vedtek eit planprogram for 2016, med forslag om å utarbeida ein kulturminneplan, skjer ikkje det eitt år for tidleg.

Den gamle direktørbustaden i Knarrevik vart ulovleg riven våre n2015. Bygget var teikna av den kjende Bergensarkitekten Einar Oscar Schou. (Foto: Endre Våge).
Den gamle direktørbustaden i Knarrevik vart ulovleg riven våren 2015. Bygget var teikna av den kjende Bergensarkitekten Einar Oscar Schou. (Foto: Endre Våge).

Ein kulturminneplan vil stadfesta kva verneverdige bygg som finst kring om i kommunen. Planen vil prioritera dei bygga som det er viktigast å ta vare på, og fastsetja kva tiltak det vil vera behov for, ifølgje kultursjef Lennart Fjell.

Ulovleg rive
Det hastar. Borgstovo på Fjell prestegard er ikkje einaste historiske bygget i utbyggingskommunen som står i fare for å verta teke av gravemaskinene.

Den gamle direktørvillaen på Knarrevik var teikna av den kjende bergensarkitekten Einar Oscar Schou som også teikna Den Nationale Scene. Det var likevel ikkje nok til å hindra at bygget vart riven ulovleg i no vår.

Under stort press
Det er freistande å hevda at fjellsokningane har mista kontakten med røtene sine.

– Svinnet av kulturminne er mykje større på Sotra, og særleg i Fjell, enn i resten av Hordaland, har fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd tidlegare sagt til Tunnelsyn.

Siste 40 – 50 åra har kanskje så mykje som halvparten av dei lokale kulturminna blitt vekke som følgje av den raske utbygginga. Gamle naust, sjøbuer, løer og lemstover bygd etter 1850 er under stort press som følgje av den raske urbaniseringa. Bygga vert vekke eitt for eitt. Kvar einskild sak er kan hende ikkje så viktig, men når det vert 50 og 100 saker byrjar det å verta eit problem, ifølgje fylkeskonservatoren.

Manglar oversikt
I dag manglar Fjell ein oversikt over verneverdige bygg.

SEFRAK-registeret skal innehalda informasjon om alle bygg reist før 1945, men er ikkje oppdatert sidan det vart laga på 1970- og 80-talet. Registeret inneheld heller ingen vurdering av bygningane sin verneverdi.

Fylkeskommunale midlar
Sist, men ikkje mindre viktig, sett i lys av Fjell sin skrantne kommuneøkonomi: Skal ein kulturminneplan ha nokon verdi, må han følgjast opp med konkrete og kostnadskrevjande tiltak.

Klarar Fjell å få utarbeida og vedteke ein kulturminneplan i løpet av 2016, har Hordaland fylkeskommune lova økonomisk støtte til gjennomføringa av tiltaka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s