Mykje å tene på å reforhandla lånevilkår

Askøy kommune kan kutta rentekostnadane med 6,7 millionar neste år dersom gjeldsrenta vert redusert med 0,25 prosent.

Askøy kommune har ved årsskiftet ei samla gjeld på tett oppunder tre milliardar kroner. Halvparten av dette er ikkje sjølvfinansierande gjeld. Altså må kommunen sjølv finna dekning for renter og avdrag over driftsbudsjettet, framkjem det av rådmann Eystein Venneslan sitt forslag til “Handlingsprogram, økonomiplan 2016 – 2019 og årsbudsjett 2016”.

85 millionar
Sjølv med ei snittrente på 3,29 prosent, inneber det ein årleg kostnad i renter og avdrag på 85 millionar kroner.

Ved å forhandla fram ein reduksjon i rentenivået på 0,25 prosent, vil kommunen kunna kutta netto rentekostnadar med 6,7 millionar kroner, har rådmannen rekna ut.

Forslag frå Stenseide
Det var Roald Stenseide (FrP) som i samband med behandlinga av økonomi- og budsjettplanen for neste år stilte spørsmål i Formannskapet om kva ein rentereduksjon med 0,25 prosent vil innebera.

Stenseide føreslo samstundes at dei frigjorte midlane vert sette i fond, for å møta framtidige kostndar.

Bind renta
Leiinga i Askøy kommune har ikkje tru på at det låge rentenivået vil halda seg så veldig lenge. For ikkje å risikera ein uventa smell når rentenivået igjen byrjar krypa oppover, har kommunen i løpet av 2015 auka andelen av fastrentelån frå 60 til 71 prosent.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s