Selja, eller ikkje selja i Kleppestø?

Lokalisert heilt i sjøkanten, i sørenden av det innbyggjarane i Askøy sjølv elskar å kalla ”den grøne øya”, har Kleppestø tilsynelatande alle fordelar eit attraktivt kommunesenter kan ha.

teisten
15 minutt med båt frå Strandkaien – utanom alle kørar – Kleppestø er det mest attraktive kommunesenteret i Bergensområdet. Sel kommunen tomtane før utnyttingsgraden er avgjort? Foto: Liv Strømme

Kan diskusjonen om byutviklinga på Kleppestø avgjera budsjettdebatten i kommunestyret i Askøy i morgon?

Attraktiv lokalisering
Berre 15 minutt med båt, så set du beina på Strandkaien i Bergen. Køyrer du utanom rushtida, går byturen like raskt unna med privatbil over det som er tredje lengste hengjebrua i landet.

Den attraktive lokaliseringa til trass – det første som møter ein tilreisande er eit stort kaiområde som berre vert nytta til parkering. Sikkert til glede for dei mange pendlarane, men ei lite fornuftig utnytting av eit verdifullt sentrumsareal.

I kommunal eige
Å få til ei meir optimal utnytting av det attraktive arealet i sjøkanten burde i teorien ikkje by på den heilt store utfordringa.

Store delar av sentrumsområdet er i kommunal eige. Kleppestøkaien vart kjøpt stykkevis og delt, noko så langt tilbake som på 1970-talet. I påvente av framtidig byutvikling, investerte kommunen like godt 29,4 millionar kroner i den sokalla Shell-tomten i 2012.

Skyhøge visjonar
For det har ikkje akkurat mangla på luftige visjonar for byutvikling i kommunesenteret. Avstanden til Vestlandets hovudstad, kombinert med fantasifulle prognoser for folketalsvekst, inspirerte no avgåtte rådmann Odd Magne Utkilen og tidlegare Høgre-ordførar Siv Høgtun til å tenkja stort.

Kritikk
Altfor stort, vil dei mange kritikarane meina. Bård Espelid var leiar for Kleppestø vel, og har stått i spissen for den lokale mobiliseringa mot å omgjera heimbygda til by. Altfor omfattande, og altfor kostbart å realisera, laud velforeininga sin dom. Byvisjonane bør konsentrerast til kaiområdet, handlesenteret og kommunehuset. Private bustadområde i randsona bør haldast utanfor.

Lunken mottaking i det etablerte politiske miljøet førte til at velforeininga like godt stilte til kommunevalet med eiga bygdeliste. No er Espelid nyvald varaordførar, og har fått med seg to partifeller inn i kommunestyret.

Selg!
Med tre milliardar kroner i kommunal gjeld, og årlege renter og avdrag på oppunder 90 millionar, er det mange som spør seg om Askøy kommune er den rette aktøren til å stå for ei storstilt byutvikling.

På dagsorden i kommunestyret i morgon ligg fleirtalsframlegget frå Arbeiderpartiet, Askøylista, Miljøpartiet Dei Grøne, SV og Raudt om å selja både Kleppestøkaien og Shell-tomten. Pengane bør heller investerast der dei trengst mest; til skulebygg og infrastruktur kringom i kommunen, meinar kritikarane.

Usikker inntekt
– Tidlegare økonomiplan anslår Kleppestøkaien til å kunna seljast for 200 millionar kroner i 2017, og Shell-tomten for 50 millionar kroner i 2016. Dette er grove anslag. Marknadsverdien er usikker. Tidsplanen er ikkje lenger realistisk, skriv kommunalsjef Marit Rinnan i ein epost til Tunnelsyn.no.

Kommunen må ta risikoen
I mangel av ein gyldig reguleringsplan, må eventuelle kjøparar ta høgde for at den framtidige utnyttingsgraden er usikker. Som seljar er det kommunen som må ta risikoen i form av låge salsinntekter.

Nasjonal aktør
Askøy kommune sine føresetnadar for å engasjera seg i eit såpass omfattande utbyggingsprosjekt er eit tilhøve som tilsynelatande har vore lite diskutert.

– Det har hittil ikkje vore planen at kommunen sjølv skal stå for utbygginga på Kleppestø-kaien, skriv Rinnan.

Drivne av dei store visjonane, har administrasjonen i staden freista lokka store nasjonale utbyggingsaktørar som Selvaag Eiendom til den grøne øya. I eit offentleg – privat samarbeid (OPS) skulle den nasjonale utbyggjaren få tilnærma frie tøyler. Men det var før valet…

Ekskluderte lokale aktørar
Rådhuset sine prioriteringar hittil har ekskludert dei mange mindre lokale utbyggingsaktørane frå å delta i utbygginga. Dei heimlege aktørane er rett og slett ikkje store nok til å kunna handtera dei veldige utbyggingsplanane som hittil har vore lansert.

Ny planleggingsrunde
Innsatsen til Kleppestø Vel resulterte i ein ny planleggingsrunde. Så langt har kommunen brukt meir enn 12 millionar i planlegging, utan å få noko att.

Ei ny skisse til områderegulering for Kleppestø sentrum kjem opp til førstegongs politisk behandling i februar, lyder intensjonen til byplanleggjar Bente Karlsen.

Då skal politikarane ta stilling mellom anna til kva funksjonar dei ønskjer å ha i sentrumsområdet, utbyggingsgrad og byggjehøgder. Dei må og leggja føringar for korvidt den endelege planen skal kunna realiserast bitevis og delt, til glede for lokale aktørar.

Faktorane si rekkefølgje
Uansett kor tungt gjeldspresset kjennes: Om Kleppestø vert landsby, småby eller by, bør vera avgjort før Kleppestø-kaien og Shell-tomten vert lagt ut for sal. Først då vil politikarane ha ei nokonlunde realistisk verdivurdering å støtta seg på.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s