Fjell innfører eigedomsskatt

Det vert innført eigedomsskatt på verk og bruk i Fjell alt frå førstkomande årsskifte. Inntekta skal brukast til å redusera kommunen si lånegjeld.

Dette vart klart då kommunestyret i Fjell i ettermiddag stemte over det kontroversielle tiltaket. Sju representantar stemte mot; Frp og Sotra Lista.

65 prosent av marknadsverdi
650 bygg og 340 eigedomar med ein samla verdi på 5,6 milliardar kroner vert omfatta av ordninga, ifølgje takseringa som er gjennomført denne hausten.

Skattegrunnlaget skal setjast til 65 prosent av den takserte marknadsverdien, ikkje 80 prosent som det som opphaveleg vart føreslege, fekk Høgre og Arbeiderpartiet fleirtal for.

Den årlege skattesatsen vert to promille, og vil vera stabil inntil 2019.

Redusert inntekt
Nedjusteringa av skattegrunnlaget inneber at eigedomsskatten vil tilføra Fjell kommune noko mindre i inntekter enn dei 8 – 9 millionar kronene årleg som det først vart stipulert med.

Takseringa og innføringa av ordninga er kostnadsrekna til 1,8 millionar kroner. Det er venta at dei årlege kostnadane vil utgjera kring 200.000 kroner.

Friteke
Eigedomar som tilhører frivillige organisasjonar, idrettsanlegg og hallar og fylkeskommunale skular skal vera fritekne for ordninga med eigedomsskatt på verk og bruk i Fjell.

 

 

 

 

 

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s