Fisk – ei lokal vekstnæring

Fisk og sjømat seglar opp som vinnarane i ei vestlandsk depresjonstid. Verda treng mat sjølv om oljelagra renn over.

Fiskefartøy på Liaskjæret
Aukade førstehandsverdi på pelagisk fisk er ein god nyhet for Lie Gruppen AS og fiskebåtreiaren på Liaskjæret.

Storbanken Norda, saman med Lie Gruppen AS og Vest Næringsråd, hadde henta nokre av sine skarpaste analytikarar til seminar om lokale vekstnæringar og strategiske forretningsområde i Liaskjærshallen torsdag denne veka.

Rekordår
Rekordhøg laksepris, kombinert med rekordlåg kronekurs, gjer 2015 til eit rekordår for norsk sjømatnæring,

– Eit år med store endringar, men det som ikkje drep oss, gjer oss sterkare, oppsummerte aksjeanalytikar Kolbjørn Giskeødegård året vi no er i ferd med å leggja bak oss.

Russland, største eksportmarknaden for norsk ørret, vart stengt for norske leverandørar i fjor haust. Kina er også i praksis ein stengd marknad for norsk sjømat. 100.000 tonn slakteferdig fisk måtte finna ein annan marknad enn den han var produsert for.

Glede over norsk laks
EU-landa vart løysinga. Takka vera ei svekka norsk krone, har innbyggjarane i Europa kunna gleda seg over å kjøpa norsk laks og ørret til låge prisar. Norske oppdrettarar har samstundes kunna halda ein stabil pris på over 40 kroner kiloen.

Festung Europa
Chilenske produsentar, argaste konkurrentane på den globale marknaden, får derimot betalt i dollar. Dei har i praksis prisa seg ut av den europeiske marknaden, ifølgje Giskeødegård.

Norge tek for tida 80 prosent av den europeiske marknaden. Ein marknad som er i vekst, og der England, einaste konkurrenten held ein stabil produksjon. Lyse utsikter for norske leverandørar, med andre ord.

Norske sjømataksjar er framleis lågt prisa, og vil vera eit godt kjøp i 2016, hevda aksjeanalytikaren.

Pelagisk fisk
Mykje å gleda seg over har fiskebåtreiarane på Vestlandet også, om enn ikkje jubelen er like høglydt.

Sild og makrell står no for 80 prosent av den samla førstehandsverdien for norsk pelagisk fisk. Fisk som er ei stadig meir etterspurt proteinkjelde for humant konsum. Største marknaden er Japan og andre land i Asia. Marknadar som dreg fordel av den svake kronekursen, sa analytikar Finn-Arne Egeness.

Foredling i Norge
Ein liten, men aukande andel av fisken vert filetert i Norge. Også norsk foredlingsindustri dreg fordel av ein svak valuta. Fallet i kronekursen siste året tilsvarande ein lønsreduksjon på 20 prosent. Den norske fileteringsindustrien vert dermed i aukande grad i stand til å konkurrera mot kinesiske og asiatiske produsentar.

Å få til ein heilårleg produksjon er ei utfordringa skal vi kunna gjera jobben i Norge. Auka frysekapasitet på land kan vera eit steg i rett retning, ifølgje Egeness.

Klippfisk
Fiske av torsk og sei utgjer ein mindre andel av det totale fisket, men har hatt ei meir stabil utvikling siste året. Særleg den norske klippfisken kan framleis hevda seg i den internasjonale marknaden.

Les også:
Oljeanalytikaren i Nordea: -Følg med på det grøne skiftet!

 

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s