Oljeanalytikaren til offshorebransjen på Sotra: -Følg med på det grøne skiftet!

Teknologien skiftar fort innan energiproduksjon. For fem år sidan hadde ingen drøymt om at produksjon av skiferolje i USA ville få oljeprisen til å stupa. Norge er god på høgteknologi, så følg nøye med på utviklinga framover.

Det grøne skiftet opnar nye mulighetar for kompetanse- og teknoligoverføring frå olje- og gassektoren, seier sjefsanalytikar Thina Saltvedt i Nordea.
Det grøne skiftet opnar mulighetar for kompetanse- og teknologioverføring frå olje- og gassektoren, seier sjefsanalytikar Thina Saltvedt i Nordea.

Det var ikkje utsiktene til ein snarleg rekyl av oljeprisen opp mot 100 dollar fatet som prega foredraget Thina Saltvedt, sjefsanlytikar for makroøkonomi og olje i Nordea, haldt for lokale næringslivstoppar torsdag.

Det grøne skiftet
Den grå- og svartkledde skaren av alvorstynga menn i Liaskjærshallen fekk istaden ei innføring i det grøne skiftet og kva muligheter det kan opna for i eit høgteknologiland som Norge:

– Verda treng energi og mat. Grøn energi vil spela houvdrolla framover, og Norge er supergod på havbruk og fiske, oppsummerte Saltvedt.

Frigjera arbeidskraft
Krisa som offshorenæringa for tida gjennomgår vil frigjera mykje høgt utdanna arbeidskraft. Slik kan krisa bidra til teknologi- og kompetanseoverføring til nye, spanande verkstnæringar. Analytikaren ser likevel ein fare i at olje- og gassnæringa risikerer å mista for mange flinke folk.

Transport
Dei som vil føresjå utviklinga på energisektoren framover, bør starta med å sjå kva olje vert brukt til, meinar Saltvedt.

På verdsbasis går 55 prosent av oljeforbruket til transport. Mangel på gode alternativ har så langt halde forbruket oppe, men slik vil det ikkje vera i all æve, spår sjefsanalytikaren i Nordea.

Raskt teknologiskifte
Første flyet drive av solcellepanel har alt flydd jorda rundt. Den elektriske ferja Ampere fraktar folk og bilar over Sognefjorden, og batteriteknologien som lagrar grøn energi vert stadig betre.

Den elektriske ferja Ampere er eit døme på at transportsektoren er i ferd med å finna alternativ til olje og gass. Foto: Fjellstrand.
Den elektriske ferja Ampere er eit døme på at transportsektoren er i ferd med å finna alternativ til olje og gass. Foto: Fjellstrand.

– Det grøne skiftet kjem raskare enn vi tenkjer oss. Ny teknologi for elektrisitet, hydrogen og biodrivstoff vil endra energiforbruket til transport ganske fort, sa Saltvedt og fekk entusiastiske nikk frå hydrogenbilseljarane på Liaskjæret.

– Teknologien kjem veldig fort. Det er viktig at vi får med oss denne utviklinga, hevda sjefsanalytikaren.

India – ny marknad for norsk gass?
Den sterkaste økonomiske veksten skjer no i India. Landet har lenge henge etter Kina, men kjem no for fullt, og framstår som ein spanande marknad.

– India skin. Stadig fleire av dei meir enn ein milliard innbyggjarane har eit veksande energibehov. Landet byrjar også å jobba med forureiningsproblematikken, seier Saltvedt som sjølv var tilstade under klimakonferansen i Paris.

Tradisjonelt har kol vore framste energikjelda i India. Høgt innhald av CO2, kombinert med mykje forureinande partiklar, gjer at dei ser seg om etter alterantiv.

– Utviklinga i India opnar ein mogeleg marknad for norsk gass, som er betydeleg mindre forureinande enn kol, sa Saltvedt.

Skiferolje-revolusjonen
Det er skifterolje-revolusjonen i USA som i løpet av få år har snudd opp ned på den globale energimarknaden. For å møta den uventa konkurransen har OPEC-kartellet av oljeproduserande land skifta strategi. I staden for å halda eit høgt prisnivå, har dei bestemt seg for å oppretthalda marknadsandelen sin. Dei pøsar ut olje som det kostar ti dollar fatet å produsera. Ein pris nye, norske felt offshore ikkje kan konkurrera med, i følgje Saltvedt.

Resultatet har blitt enorme oljelagre. Tre milliardar fat på verdsbasis, anslår analytikarane. Aldri har verda hatt så store oljereservar produsert og liggjande klare til bruk.

Opphevinga av dei internasjonale sanksjonane mot Iran vil bidra til å auka flaumen av rimeleg olje ut på verdsmarknaden, og halda oljeprisen lav i lang tid framover.

50 dollar fatet
Ein oljepris på 50 – 60 dollar fatet er det norsk olje vil måtta konkurrera med dei komande åra, trur Saltvedt.

Norske feltutbyggingar som kostar meir enn dette, vil verta sette på vent. Inntil vidare er det berre Johan Sverdrup, Martin Linge og Maria som vil verta bygde ut. Sjølv eindel vedlikhaldsoppgåver vert no sette på vent. Noko som aukar presset på den lokale leverandørbransjen.

Langt frå heilsvart
– Kronesjokket hjelper oss veldig på andre sektorar. Eksportnæringane går så det susar, sa Saltvedt.

Oljesektoren har lenge vore lønsdrivande i Norge. Med dagens situasjon er ikkje det lenger tilfelle, noko som vil styrka norsk konkurranseevne ute, sa Saltvedt.

– Norge er god på høgteknologi. Vi kan ikkje konkurrera på billig arbeidskraft, understreka analytikaren.

Situasjonen for offshorebransjen på Vestlandet kan sjå dramatisk ut for tida. Norsk olje og gass vil likevel vera viktig i mange år framover. Nordmenn flest har ikkje har altfor stor grunn til å vera bekymra, hevda sjefsanalytikar Thina Saltvedt i Nordea då ho denne veka var henta til Liaskjærshallen.

Les også:
Fiske – ei lokal vekstnæring

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s