Kan det henda her?

Først serverte Askøy kommune julemiddag for dei folkevalde. Etterpå serverte Statens vegvesen dei dårlege nyhetene.

Totalkostnaden for Askøypakken aukar med 45 prosent, frå 1,6 til 2,3 milliardar kroner, ifølgje Statens vegvesen sine siste gjennomgangar av prosjektet.

For ein Sotrastril med utsikt til å måtta bidra til å finansiera eit bompengeprosjekt som i utgangspunktet er kostnadsrekna til 8,9 milliardar, er dette ein tankevekkjande nyhet.

Mareritt
Store delar av vegnettet i kommunen har låg standard, og er ikkje tilpassa dagens trafikk. Askøypakken vart lansert som mirakelmedisinen som skulle få ein slutt på både smale vegar og utrygge tilhøve for gåande og syklistar.

– Askøypakken vil gje betre framkomst og tryggleik for trafikantane, lover Statens vegvesen på heimesidene sine.

Askøypakken kravde inn si første krone med fanfarer 31. oktober i fjor.

Alt i mai vart det klart at bompengeprosjektet er i ferd med å utvikla seg til eit mareritt for innbyggjarane i Askøy.

Manglande reguleringsplanar
Manglande reguleringsplaner, meir enn 200 og tildels vanskelege grunnerverv kombinert med kompleksitet i byggeplanlegginga, er forklaringa prosjektleiar Ole-Henning Davik i Statens vegvesen gjev Bergens Tidende på kostnadssprekken.

Opphaveleg omfatta bompengeprosjektet seks delprosjekt, fordelt på fylkesveg 212, 262 og 263.

Takka vere kostnadssprekken på 700 millionar, ser det no ut til at berre nokre få av prosjekta vil kunna gjennomførast.

Departementalt forbehald
I Stortingsproposisjon 197 S (2012–2013), tek Samferdselsdepartementet forbehald om delvis bompengefinansiering av Askøypakken:
-Askøypakken er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir bygde, tek departementet forbehald om.

Trafikksvikt
Asketappane lot kan hende som om dei juble for Askøypakken. I det stille toga dei over Askøybrua til elbilforhandlarane i Bergen. Ingen andre kommunar i Hordaland har opplevd tilsvarande vekst i elbiltalet som Askøy siste året. Kvar tiande bil i kommunen er no ein elbil. Berre to norske kommunar kan skryta av å ha fleire elbilar per innbyggjar enn Askøy.

Elbilar passerer bomringen utan å betala. Det viser att på inntektene til bompengeselskapet. I første halvår tapte bompengeselskapet 4,3 millionar kroner som følgje av innbyggjarane sin tilpassing til bompengeregimet, ifølgje Askøyværingen.

Heilt ufatteleg
For ein utanforståande verkar den siste utviklinga i bompengeprosjektet på Askøy heilt utfatteleg.

Manglande reguleringsplan! Kan vi tru på prosjektleiaren i Statens vegvesen? Er det mogeleg å fremja eit bompengeprosjekt for behandling i Stortinget utan at det føreligg ein reguleringsplan?

Ein av dei ivrigaste pådrivarane for Askøypakken har vore Tom Christen Nilsen, heimehøyrande på Askøy og inntil i haust fylkesordførar i Hordaland. Dagen etter at han vart utnevnt til statsminister Erna Solberg si høgre hand sprakk nyheten: Askøypakken vert 45 prosent dyrare enn føresett.

Kostnadssprekken stiller spørsmålsteikn ved Nilsen sin innsats for å fremja det heimlege vegprosjektet. Har ønskjet om å få til ein ny veg ført til at det har blitt kutta hjørner?

Her er det mange spørsmål som må besvarast før det er mogeleg å slå fast kva som eigentleg har skjedd.

Hemningslaust race
Dette er like mykje ei åtvaring til Sotrastrilar som no køyrer eit hemningslaust race ovanfor Stortinget for å sikra 4,9 millionar ekstra til finansieringa av vårt eige Sotrasamband.

Det 9,4 kilometer lange Sotrasambandet vert tredje dyrast i landet, med ein pris på tett oppunder ein milliard kroner per kilometer. Prosjektet har teke 15 år å planleggja. I periodar har inntil 100 mann vore engasjert i planlegginga.

Siste kostnadsestimatet for Sotrasambandet er opplyst å ha ein usikkerhet på 10 prosent pluss – minus.

Kan vi stole på Statens vegvesen?
Innsatsen – og feilmarginen – høyres betryggjande ut, men kan vi stola på Statens vegvesen sine kostnadsestimat etter dette?

I tilfelle uføresette vanskar i finansieringa, har Statens vegvesen utarbeida ei kuttliste på 500 millionar som vil gå ut over tryggleik, beredskap og miljø.

Planen om å gjera Sotrasambandet til ein test på offentleg – privat samarbeid (OPS) aukar kjensla av usikkerhet.

Risikerer Sotrastrilen å få ein ”Askøypakke” i tredd ned over øyrene? 45 prosent kostnadsauke vil bety at sluttsummen aukar med fire milliardar, frå 8,9 til 12,9 milliardar.

Nasjonal Transportplan tilseier at vi skal få to milliardar kroner i statleg støtte. Er vi førebudd på å betala resten gjennom bompengar?

 

Les også:
Ba Stortinget om 4,9 milliardar til Sotrasambandet

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s