Rosehagen – glede heile året

No som messingen står der blankpussa og skin, og Frank Sinatra mimrar over 100 år i songen si teneste, er det tid for hageeigaren å oppsummera rosesesongen over siste glaset Vin Santo. Og, ja, det vart julerose i år og…

Hot Chocolat skal visstnok vera ei "vanskeleg" rose. Ho meg står ho i krukke, under tak og delvis i skugge, men blomstrar? Det gjer ho!
Hot Chocolat skal visstnok vera ei «vanskeleg» rose. Ho meg står ho i krukke, under tak og delvis i skugge, men blomstrar? Det gjer ho!

Sommaren sitt vakraste eventyr byrja nesten ein månad seinare enn i fjor. Først heilt i slutten av juni våga første rosa falda ut dei vakre kronblada sine i rosehagen på Straume. White Cover var først ut. I løpet av ei veke hadde ho fått nølande følgje av Flammentanz, Blanche Double de Coubert, Albarose, Musseline og Lykkefunn.

Duftsommar

Duftbomba, riktblomstrande Variegata de Bologna.
Duftbomba, riktblomstrande Variegata de Bologna.

Frå midten av juli byrja fargeprakta å ta seg opp. Å sitja ute ein av dei sjeldne soldagane vi sotrastrilar var velsigna med denne sommaren, og nyta synet og ikkje minst dufta av Musseline, Variegata de Bologna, St. Pauls Musk og Mme. Platier, var ei oppleving som var vel verd å venta på gjennom ein lang, våt vinter.

Kven kan vel motstå ein nyutsprungen akvarell?
Kven kan vel motstå ein nyutsprungen akvarell?

”Dumpingsal” hos Plantasjen i juni, medførte større investeringar i nye sortar. Særleg Alnwick Rose, Prinsesse Margaretha, Schneewittchen, Robusta og Hansaland ser ut til å trivast. I alle fall løna dei hageeigaren med mykje knoppar utover sommaren.

Jubileumsrose
Aller mest imponerte Sangerhäusen Jubileumsrose. Sjeldan, eller aldri, har ein nykomling blomstra så rikt, og så lenge. Rosene står lenge, og dei verkar vera immune mot regn. Gjer seg bra som snittroser gjer dei seg og…

Blå

Goethe er ei oppleving. Store og velduftande mørk lilla roser.
Goethe er ei oppleving. Store og velduftande mørk lilla roser.

Den blå samlinga vart supplert med klatrerosene Blau Magenta, Donau og Weichenblau, alle henta frå Nautesund Plantesalg i Masjfjorden. Alle veks og trives, men var heller sparsame med roser denne første sesongen.

Gniten med rosene var heldigvis ikkje Munsted Wood. Kjøpte han sterkt nedkutta i august etter at første blomstringa var over, men alt tidleg i september konkurrerte han med Darcy Bussel om kven som kunne driva fram dei fleste og mørkaste rosene.

Goethe stiller i ein klasse for seg, Med sine knyttnevestore, mørk lilla og velduftande roser, er det berre å kryssa fingrane og håpa det ikkje kjem regn…

November
Ein kald og våt sommar førte til at rosesesongen strekte seg til langt ut i november. Astri Lindgren, Queen Elisabeth, New Dawn, Bonica, Leonardo Da Vinci, Lavender Dream og Home & Garden trassa regnbygene, men med stadig mindre hell.

Desember
I desember har vi hatt opptil fleire frostnetter, uten at det har kome snø. Dei mest hardføra rosene haldt ut, og sørga for å gjera konkurransen om årets julerose ekstra spanande. Fjerde søndag i advent stod både Astri Lindgren, Home & Garden og Sangerhausen Jubileumsrose med pjuskne roser. The Pilgrim har enno ikkje bestemt seg; gje opp og ta vinteren, eller gå for neste mål? Kan hende vert det bleikgule nyttårsroser?

Utan tvil. Julerosa 2015 vert Schneewittchen. Snøkvit og frodig vert ho einaste kvite flekken i ein snøberr hage på Straume denne jula.

Utfordringa med å ta bilete av roser som blømer i desember, er lyset. Bruk av blitz yter ikkje denne vakre Schneewitchen full rettferd.
Utfordringa med å ta bilete av roser som blømer i desember, er lyset. Bruk av blitz yter ikkje denne vakre Schneewitchen full rettferd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s