Ei annleis julehelsing

Einslege Sotra-tauser sit ikkje heime og ventar på julenissen. Vi utforskar verda. I Vietnam er 24. desember ein heilt vanleg dag…

Vietnam var inntil for få år sidan eit av verdas ti fattigast land. Slik er det ikkje lenger. Landet er på mange måtar blitt det nye Kina. Med rådgjevarar henta frå Singapore, har kommunistane klart det kunststykket å få utanlandske investorar til å flokka til eittpartistaten.

Luksusbutikkane i Hanoi har fått på julestas.
Luksusbutikkane i Hanoi har fått på julestas.

For ein nordmann som først besøkte landet i 2006, er det underleg å koma tilbake og sjå kor raskt eit av dei siste kommunistdiktatura i verda løftar sine 90 millionar innbyggjarar ut av fattigdomen.

Skuter-nasjonen

Velstandsveksten er ujamnt fordelt. Gateseljarane er blitt færre, men er framleis eit godt synleg innslag i gatebiletet.
Velstandsveksten er ujamnt fordelt. Gateseljarane er blitt færre, men er framleis eit godt synleg innslag i gatebiletet.

Du ser det først og framst i byane, som i hovudstaden Hanoi. Vietnamesarane syklar ikkje lenger. Dei køyrer skuter. Det er millionar av dei i gatene, verkar det som. Ofte kan du sjå heile familien på ein doning. Mor og far har hjelm. Ungane sit klemt mellom mor og far, og har berre foreldra som vern.

20141220_familie på skuter
Vietnamesarane er eit folk på skuter. Oftast heile familien på ein doning.

Trafikklysa, der slike finst, verkar for ein turist å vera mest til pynt, men underleg nok går det bra. Sjølv vestlege fotgjengarar slepp på nærast mirakuløst vis uskadde over gata, føresett at vi tør setja foten nedanfor fortauskanten…

Glad det er vinter
Kalenderen seier det er vinter. Temperatur og luftfuktighet er likevel slik at ein vinterkjølt stril føretrekkjer shorts og t-skjorte. Hotellet der vi bur har heldigvis
både spa og svømmebasseng på taket. Og sjølvsagt vart det julebad i eit basseng som haldt vestnorsk sommartemperatur…

Bugnande julebord

Juletreet på Hotel Metropole.
Høgt i toppen den blanke stjerna. Juletreet på Hotel Metropole.

Vel har eg reist frå jula, men julemiddag måtte det sjølvsagt verta. Vietnam har ein liten katolsk minoritet, som feirar jul 25. desember. Å finna bord i herberget til ei gruppe på 20 på ein slik kveld viste seg ikkje å vera så heilt einkelt, likevel.

Tradisjonell folkemusikk underhaldt julegjestane.
Tradisjonell folkemusikk underhaldt julegjestane.

Hotel Metropol vart løysinga for seks av oss. Buffeen bugna av lokale og internasjonale delikatesser. Tigerprawns, østers, reker og kaviar. Spekeskinke og tunfisk. Sushi og ”norsk” laks. For første gong i livet smaka eg artisjokk. Ein delikatesse eg nok må smaka fleire gongar før eg kan seia eg likar. Kake- og dessertbordet derimot!

Dong-millionærar
Er det rart at eg som vesteuropear opplever å vera ein privilegert gjest i dette landet?

Så vart då rekninga der etter. Nær 17 millionar kosta gildet, for heile gruppa! Heldigvis var det i lokal valuta. Den inflaterte dognen gjer einkvar turist med 500 kroner i lommeboka til millionær.

Den rekninga skal på veggen i glas og ramme!

Les også:
Larger than life
Dokketeater slik du aldri har opplevd det
Hos onkel Ho

Tunnelsyn kjem tilbake med fleire reportasjar frå fantastiske Vietnam.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s