Dokketeater slik du aldri har opplevd det

Vassdokke-teater er eit særeige og opplevingsverd utslag av ei sterk vietnamesisk nasjonalkjensle.

VAssdokke-teater er ei kunstform som er særeigen for Vietnam.
Vietnamesarane gjer krav på vassdokke-teater som sitt nasjonale kunstuttrykk.

Vietnamesarane i nord hadde vore eige keisardøme i 800 år før franskmennene erobra landet. Framleis er dei mektig stolte av at dei klarte å hiva ut kinesarane eingong på 1000-talet.

Dokketeater
Den sterke nasjonalkjensla har gjeve opphav til ein særeigen kultur, som til dømes vassdokke-teater. Inspirert av arbeidet på rismarkane har dei fyllt scena med vatn. I bassenget utspelar det seg eit dramatisk og underhaldande dokketeater av høg klasse.

Dei leiande aktørane er oftast eventyrfigurar, som einhjørningar, sfinxar og drakar. Dei korte scenane kan også illustrera dagleglivet. Ein bonde ridande på ein vassbøffel, fiskarar som samarbeidar om dagens fangst, eller ein krigar.

Oppdragande
Mange av forteljingane var meint å ha ein oppdragande effekt, eller dei skulle gje håp og mot i ein slitsam kvardag.

Ho Chi Minh og opprørsgeriljaen Vietcong nytta den velkjende kulturtradisjonen til å skapa oppslutning om fridomkampen mot franskmennene alt på 1930-talet.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s