Larger than life

Ho Chi Minh er landsfaderen som har fått æra for å ha frigjort Vietnam frå dei forhatte franske koloniherrane.

Ho Chi MInh har fått æra av å vera den som frigjorde Vietnam frå forhatte franske kolonialistar. No er han lager than life.
Ho Chi Minh har fått æra av å vera den som frigjorde Vietnam frå forhatte franske kolonialistar. For den oppveksande generasjonen vert han framstilt som larger than life.

Ho Chi Minh vart første presidenten då Nord Vietnam vart oppretta i 1954. Han døydde i 1969. I pakt med gode kommunistiske tradisjonar vart han balsamert og ligg no på lit-de-parade i Ho Chi Minh-mausoleet i Hanoi, til beskuelse for alle som orkar stå i timevis i kø for å sjå den voksliknande figuren.

Ideologen
Byråkratsonen drog til Paris i 1911. Som sjølvproletarisert mangesyslar utforska han Europa og USA i åra før, under og etter 1. Verdskrigen. Resultatet vart ei lære som kombinerte vitenamesisk nasjonalisme, beundring for fransk kultur og sovjetisk ideologi, bygd på eit fundament av konfusianisme.

Delt – og gjenforent
Resultatet kjenner vi. I tumultane som oppstod i kjølvatnet etter 2. verdskrigen såg kommunistane sjansen til å gripa makta i nord.

Vietnam var ein av tre nasjonar som vart delt som følgje av 2. verdskrigen. Tyskland vart gjenforent på fredeleg vis, Korea er framleis delt. Sør og Nord Vietnam vart gjenforent etter ein lang og blodig krig.

Frigjort eller erobra?
Det er ståstaden som avgjer korvidt vi oppfattar det slik at den sørlege delen vart frigjort, eller han vart erobra…

Den kommunistiske maktovertakinga utløyste ein masseflukt frå det sørlege Vietnam. Meir enn ein million vietnamesarar freista å flykta, ein stad mellom 200.000 og 400.000 omkom på reisa, i følgje FN.

Les også:
Flyktningekatastrofen på Sandviksflaket

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s