Halongbukta – spektakulær og sårbar

Halongbukta med sine spektakulære fjellformasjonar er truleg det vietnamesiske reisemålet som er best kjend heime i Norge.

20151225_båtidyllVi har sett det eineståande landskapet på film, kan hende utan å reflektera over kvar det finst. James Bond var der i ”Tomorrow Never Dies”. Men det er Catherine Deneuve og ”Indokina” som har fått æra for å ha sett området på kartet for oss europearar.

Fargar og fjellformasjonar
20151225_steinformasjonNær 2.000 små og store øyar spreidd over eit 1.500 kvadratkilometer stort havområde heilt nord i landet. Like på grensa mot Kina. Informasjon som i seg sjølv ikkje røpar nokon ting om irrgrøne åsar på toppen av stupbratte, kvite kalksteinsfjell.

Du må minst vera sunnmøring for ikkje å la deg fascinera…

Drakeheim

Har du fantasien i orden, er det lett å sjå drakar i dette landskapet.
Har du fantasien i orden, er det lett å sjå drakar i dette landskapet.

Vietnamesarane trur på drakar. I Halongbukta vert det lett for ein vesteuropear å skjøna kvifor. Overalt er det lett å innbilla seg at ein ser karakteristiske drakeryggar som stikk opp av havet.

Grotter
Landskapet har teke 60 millionar år å forma. Variasjon i havnivå og elvar opp gjennom historia har forma store grotte-system inne i fleire av øyane. Eit besøk inni dei fantastiske holene er høgdepunktet på turen.

Thien Chung, er ei av dei største. Thien Chung er eigentleg tre grotter på rad og rekkje, kvar med 10 – 15 meter opp til taket. Dei utrulege stalakittane som heng ned frå taket, berre må opplevast.

Grå himmel

Du må vera sunnmøring for ikkje å la det imponera av eit slikt landskap.
Du må vera sunnmøring for ikkje å la det imponera av eit slikt landskap.

På bileta er det alltid blå himmel. Nett det må du ta med ei klype salt. Jule- og nyttårshelga er midt i den kalde og tørre årstida. 17 – 18 varmegrader og yr i lufta er difor ikkje kva ein reisande vanlegvis kan venta seg på denne tida. Sikten var det likevel ingenting å utsetja på.

For vestlendingar flest bør det vera ei trøyst å vita at dette er ein av dei plassane i Vietnam der det regnar mest…

Ingen badeplass

Hundrevis av turistbåtar kjempar om plass, og er ei kjelde til omfattande forureining.
Hundrevis av turistbåtar kjempar om plass, og er ei kjelde til omfattande forureining.

– Har du sett nokon fuglar? Islendingen i reisefølgjet jobbar med miljøvern. Han har ikkje sett ein einaste fugl i løpet av den fire timar lange båtturen. No er han alvorleg bekymra.

Halongbukta står på UNESCOs verdsarvliste. Ein eksplosiv auke i talet på turistar er likevel med på å øydeleggja det eineståande reisemålet. Hardhent utbygging på land, kombinert med ein armada av turistbåtar som fraktar turistane mellom øyane, er kjelde til omfattande forureining. Det var ikkje sjeldan vi såg plast flyta forbi i det skitenbrune vatnet. Halong er definitivt ingen plass du reiser for å bada…

Bekymra
Geografisk lokalisert i utkanten av Vietnams kolgruvedistrikt, er området samstundes utsett for utslepp av kjemikaliar av ulike slag frå gruveverksemda.

Islendingen er ikkje den einaste som er uroa. UNESCO, så vel som vietnamesiske myndigheter, legg ikkje skjul på at dei fryktar for det lokale artsmangfaldet og at økosystemet skal bryta saman.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s