Nytt rekordår for Tunnelsyn

Undrast du framleis på kva som vart den mest leste saka på Tunnelsyn i 2015? Her får du heile Topp5-lista.

Tunnelsynredaktøren må starta året med å be lesarane om årsaking. Meir enn eit døgn på kontinuerleg reise, kombinert med ein febril og nøytraliserande influensa, hindra mediegründaren i å få spreidd denne viktige informasjonen før no.

Vonaleg kan det kompensera litt at oversikten er utvida frå Topp3 til Topp5. Kanhende finn du akkurat «di» sak nedanfor?

Meste leste sakene i 2015
bjørnar pedersen _webNr. 1 Problemløysaren på Skogestranda

 

 

Stjernetrøya frå Sotra kan lagast som både genser og jakke. Her nokre av modellane som er i bruk i Rune Garmann sin familie. Foto: Rune Garmann.Nr. 2 Tek stjernetrøya frå Sotra ut i verda

 

 

 

medvind 2 for alvhild tofterå bergeNr. 3 Bankdirektør i medvind

 

 

 

20130206_akershus festning; foto- Peder Torp Mathisen:Forsvarets MediesenterNr. 4 Sotra-stril ny kommandant på Akershus festning

 

 

 

StraumsundetNr. 5 Underskriftsaksjon for Straumsundet

 

 

Firedobla
Å lesa statistikken for fjoråret er ei kjekk oppgåve for Tunnelsynredaktøren. Oppteljinga ved årets slutt viser at Tunnelsyn for fjerde året på rad firedobla talet på lesarar. Best var oppslutninga i oktober, med meir enn 5.100 unike besøkjande.

Flestparten av lesarane kjem, naturleg nok, frå Norge. Dei øvrige kom frå heile 77 land – også det ny rekord – med USA, Spania og UK på toppen av lista.

Det som eigentleg skjer
Takk til alle de som har bidrege med gode historiar – og til alle som tykkjer det er interessant å følgja med på kva denne alternative informasjonskjelda melder om det som eigentleg skjer i vekstkommunane vestom Bergen.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.