To COSL-granskingar

Det vert to uavhengige granskingar av dødsulukka på COSL Innovator 30. desember.

Seint på ettermiddagen 1. nyttårsdag kunne den uversherja riggen leggja til kai ved CCB på Ågotnes.

Monsterbølje
Riggen som vert eigd av COSL Drilling Europe, var på oppdrag på Trollfeltet for Statoil då han vart truffe av ei monsterbølje. Brottsjøen gjekk særleg hardt ut over bustadkvarteret. Ein person omkom, og to vart så alvorleg skadde at dei måtte sendast til sjukehus med helikopter.

Petroleumstilsynet granskar
Petroleumstilsynet ser svært alvorleg på denne første dødsulukka på norsk sokkel sidan 2009, og har etablert ein eigen beredskapssentral for å handtera etterforskinga av hendinga.

– Beredskapssentralen skal mellom anna klarlegga hendingsforløpet, vurdere faktiske og potensielle konsekvenser og å identifisere utløysande og bakenforliggende årsaker, melder Petrolumtilsynet.

Parallell undersøking
Riggeigar COSL, saman med Statoil og Aker Solutions, vil gjennomføra si eiga undersøking, parallellt med Petroleumstilsynet si, varslar COSL Drilling Europe.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s