Lovar 15 – 20 nye jobbar på Straume

Rusta Retail AS ser for seg at dei vil ha behov for å tilsetja 15 – 20 nye medarbeidarar når varehuskjeden etablerer seg i Sartorparken på Straume.

Rusta - Åsane åpning-1Rusta skal levera det meste til heimen, til gunstige prisar. Når varehuset på Straume opnar over ferien, vert det det andre i Bergens-regionen, og det åttande i Norge.

Treng mannskap
Til å organisera drifta av eit butikkanlegg med ei golvflate på kring 2.500 rutemeter, treng dei 15 – 20 personar til ulike stillingar, opplyser dagleg leiar Thomas Flenge Erlandsen i Rusta Retail AS til Tunnelsyn.no.

Lokale krefter
Også varehussjefen skal rekrutterast lokalt. Her planlegg Rusta å starta tilsetjingsprosessen i månadsskiftet februar – mars. Dei øvrige medarbeidarane skal etter planen tilsetjast før sommaren.

Ikkje alle stillingane vil vera heil tid.

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s