Fylkesmannen slår alarm

Øygarden er på topp, Askøy på botn i fylkesmannen sin oversikt over kommunale sosialhjelpsatsar til barnefamiliar i Hordaland. Forskjellen er på heile 1.138 kroner per månad.

Ikkje alltid like lett å forklara kvifor ikkje vi også kan kjøpa.... Teikning: Emma Th. Hansen.
Ikkje alltid like lett å forklara kvifor ikkje vi også kan kjøpa…. Teikning: Emma Th. Hansen.

– Kommunestyra har lagt lista forskjellig når sosialhjelpsatsane til barnefamiliane skal reknast ut, konstaterer fylkesmannen i Hordaland på bakgrunn av tala frå 2014.

Dekka barnet sine særskilde behov
Ein sosialhjelpmottakar med forsørgjaransvar for ein unge i Øygarden, kan rekna med en månadleg tilskot på 3.120 kroner til å dekka barnet sine særskilde behov.

Øygarden er ein av dei åtte kommunane i fylket som føl Staten sine rettleiande satsar. Barnefamiliane her nyt i tillegg godt av at barnetrygda vert halden utanom reknestykket.

Staten er for raus?
Fjell er ein av dei fire kommunane i fylket der politikarane openbart meinar at statens sine rettleiande satsar er for rause, og at ungane bør klara seg med mindre. Her er den kommunale tilleggssatsen til sosialhjelpmottakarar med ein unge sett til 1.598 kroner.

Sidan barnetrygda vert halden utanfor reknestykket, sit forsørgjarane i Fjell likevel att med 2.568 kroner til klær, mat, leikar og andre ting barnet har behov for.

Under Statens satsar
I Askøy er politikarane samde med fjellsokningane om at barnetillegget bør vera lågare enn Statens sine rettleiande satsar.

I utgangspunktet har politikarane sett barnetillegget noko høgare enn i Fjell, til 1.982 kroner. Men, då er barnetrygda rekna inn i sluttsummen. Sosialhjelpsmottakarar med barn i Askøy er dei som har mist å rutta med når barnet sine mange behov skal dekkast.

Individuell vurdering
– Dei kommunale retningslinene er berre rettleiande for utmåling av sosialstønad, og skal ikkje erstatte den individuelle vurderinga. Nav-kontora må vurdere kvar einskilt sosialhjelpssøknad konkret og individuelt. Det vil vere i strid med lova å gi sosialstønad som ikkje sikrar mottakaren eit forsvarleg livsopphald, sjølv om stønaden er utmålt i samsvar med kommunen sine rettleiande satsar, seier seksjonsleiar Øystein Breirem Jacobsen hos fylkesmannen i Hordaland i ein kommentar til Tunnelsyn.

2.600 barnefamiliar
Med 115 barnefamiliar som mottek sosialhjelp, tek Askøy tredeplass på fylkesmannen sin oversikt for 2014.

78 sosialhjelpmottakarar med barnetillegg i Øygarden, var mange nok til å sikra kommunen åttandeplassen på fylkesmannen sin ti-på-topp.

Til saman 2.600 barnefamiliar i Hordaland mottok sosial støtte i 2014.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s