Elbilane tek over nybilsalet

Strilane vestom Bergen kjøpte nye bilar som aldri før i fjor. Totalt vart det registrert 2310 nye og bruktimporterte bilar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden. Nær halvparten – 1078 – er elektrisk drivne.

egolfDet er opplysningsrådet for vegtrafikken som på oppdrag frå Tunnelsyn.no har laga ein oversikt over nybilsalet i regionen i året vi nett har lagt bak oss.

Ser vi alle fire kommunane under eitt, rullar det no 272 fleire bilar på asfaltstripene våre enn det gjorde sist nyttårshelg. Fjellsokingane var flittigaste nybilkjøparane. 134 fleire registrerte bilar enn i 2014, innebar ein vekst på 18,6 prosent. I Askøy medfører 1183 nye bilar ein vekst på 12,5 prosent.

Elektrisk vekst
Elbilane har innteke marknaden med kjempesteg siste åra. Det er her raskaste veksten skjer. Eit totalsal, medrekna bruktimport, på 1078 nye elbilar i dei fire kommunane, er 399 fleire enn året før og ein vekst på formidable 58,8 prosent.

Kjøper pragmatisk
Det var innføringa av Askøy-pakken hausten 204 som fekk asketappane til å gå i tog til Bergen for å kjøpa elbil.

Trenden har halde seg, og han ser ut til å spreia seg: Utsiktene til nytt bompengesamband i tilknyting til det nye Sotrasambandet, latert til å ha inspirert Sotra- og Øygardsstrilen til å handla pragmatisk, i håp om at det også i framtida vil vanka økonomiske fordelar for dei som føl Regjeringa si oppfordring om å kjøra miljøvenleg.

Bryt ned merkjelojalitet
Elbilane sitt inntog synes å ha brote ned bilkjøparane sin merkjelojalitet. Har dei først valt å kjøpa elbil, vel dei det merkjet som i augneblinken representerer state-of-the-art for denne transportteknologien.

Fjell
Her knivar Volkswagen, Toyota og Nissan knivar om leiinga, med 12,9 prosent marknadsandel kvar. Når vi kjem til dei 333 nye elbilane, har Volkswagen med ein marknadsandel på 44,7 rasa forbi Nissan med 22,5. Up and coming merkje verka vera Kia.

Askøy
Bilkjøparane sine preferansar i Askøy overlappar i stor grad med dei vi finn i resten av regionen. Med 27,1 prosent marknadsandel har Volkswagen likevel klart å sikra seg eit betre fotfeste enn Nissan med sine 15,7 og Kia med 10,2.

Det finst meir
Saknar du utdjupande detaljar om salsutviklinga for konkrete bilmerkje? Ta kontakt med Tunnelsynleiinga på tunnelsynred@gmail.com

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s