Sund tek grep for pendlarparkering

Det kan vera håp om 40 – 50, ja kanskje så mange som 70 plassar for pendlarparkering i Skogsvågskiftet.

Pendlarparkering i Skogsvågskiftet har blitt eit heitt tema i Sund etter at ein privat grunneigar brått stengde eit område som hadde vore nytta til parkering.

Optimistisk rådmann
Rådmann Stig-Arne Thune er optimist etter møtet med Hordaland fylkeskommune i dag:

-Det er eit uttalt mål for Sund kommune å hjelp flest mogeleg til å reisa kollektivt. No tek vi eit aktivt grep for å få på plass løysingar, både på kort og lang sikt, seier Thune.

Private aktørar
Det er Hordaland fylkeskommune, og Skyss, som er ansvarleg for pendlarparkeringa i kommunane. Sund kommune kan opptre som pådrivar, og er i dette tilfellet også i god dialog med private aktørar, i håp om forhandla fram konkrete løysingar.

-På kort sikt vil det vera realistisk å få på plass 40 – 50 plassar. Det vil hjelpa veldig godt på situasjonen. Med tanke på pendlarbussane om morgonen, vil vi ha behov for 60 – 70 plassar på litt lengre sikt, seier Thune.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s