Ikkje aktuelt å riva Kroa

Grunneigar Steinar Knapskog har fått i oppdrag frå Hordaland fylkeskommune å måla opp tomta som er mest aktuell for innfartsparkering i Skogsvågskiftet.

Det aktuelle parkeringsområdet sett frå sør. Kroa til venstre.
Det aktuelle parkeringsområdet sett frå sør. Kroa til venstre.

Siste veka har det vore hektisk møteverksemd mellom Hordaland fylkeskommune, Sund kommune og eigaren av området som er mest aktuelt å nytta til innfartsparkering i Skogsvågskiftet.

Optimist
– Dette skal vi få til, seier Steinar Knapskog: Han eig Kroa som det aktuelle parkeringsområdet ligg i tilknyting til. Han gjekk heim frå gårsdagens møte med oppdrag frå fylkeskommunen om å måla opp tomta, seier han til Tunnelsyn.no.

Ikkje noko tema
Tomta ligg i tilknyting til Kroa i Skogsvågskifet. Kroa har ikkje vore i drift siste åra. Å riva bygget for å optimalisera talet på parkeringsplassar, er likevel ikkje noko tema, understrekar Knapskog.

Von om snarleg løysing
Rådmann Stig Arne Thune i Sund delar Knapskog sin optimisme.
– Det er von om ei snarleg, god løysing for pendlarparkering i Skogsskiftet, skriv rådmannen i ein SMS til Tunnelsyn.

Thune har tidlegare sagt han reknar med det vil vera mogeleg å få 40 – 50 parkeringsplassar i tilknyting til Kroa. På litt lengre sikt trur han det vil vera mogeleg å tilby 60 – 70 plassar for innfartsparkering i tilknyting til bussterminalen i kommunesenteret i Sund.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s