Barnevernet sviktar

Øygarden kommune har mangelfull oppfølging av sentrale rutinar for mottak og vurdering av bekymringsmeldingar til barneverntenesta.

Talet på bekymringsmeldingar til barnevernet i Øygarden er lågt.
Talet på bekymringsmeldingar til barnevernet i Øygarden er lågt.

Dette framkjem av eit tilsyn fylkesmannen i Hordaland gjorde i kommunen sist haust.

Få bekymringsmeldingar
Talet på bekymringsmeldingar til barnevernet i Øygarden er lågt. Fylkesmannen undersøkte difor korvidt tilliggjande institusjonar som helsestasjons-, skulehelsetenesta og psykisk helse og rus oppfyller opplysningsplikta dei har ovanfor barnevernet.

Informasjon som framkom i tilsynet tilseier at dei tilsette i desse tenestene kjenner til opplysningsplikta, og at dei vurderer om det er grunnlag for å melda saker til barnevernet, skriv fylkesmannen.

Individuelle planar manglar
I tilfelle der barn og unge treng langvarige og samansette tenester har Øygarden kommune ein innarbeida praksis med å oppretta ansvarsgrupper.

Berre i få tilfelle vert det utarbeida individuelle planar for den einskilde.

Frist
Øygarden kommune har ein frist på to veker til å leggja fram ein plan med konkrete tiltak for korleis avviket kan lukkast.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s