Fjell på klagetoppen

Elleve NAV-kontor i Hordaland hadde fleire enn ti klager til behandling hos fylkesmannen i Hordaland i fjor.

Norske kronerDei aller flest – heile 96 prosent av klagesakene – dreide seg om økonomisk stønad til livsopphald, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Negativ utvikling i Fjell
Av til saman 379 klagesaker, dreide heile 54 seg om vedtak gjort ved NAV-kontoret i Fjell. Fjell toppa klagelista for 2015 framfor dei ”tunge” bydelane Laksevåg (52), Årstad (43) og Åsane (32) i Bergen.

Veksten i talet på klagesaker på NAV i Fjell viser at stadig fleire fjellsokningar svært gjerne ønskjer at dei også vert inkluderte av konseptet ”framtidskommunen”. I 2014 låg Fjell på andreplass på ”klagetoppen”, med 48 klager, bak Laksevåg. Året før mottok kontoret 43 klager.

Askøy
Askøy har hatt ein positiv utvikling siste åra. Sju færre klagesaker enn i 204 inneber at kommunen havna på ein niande plass på oversikten, med 12 klagesaker.

I den andre enden av skalaen finn vi Øygarden, som var mellom dei elleve NAV-kontora fylkesmannen ikkje mottok klagesaker på i fjor.

Nyttar å klaga
Stadig fleire når fram med klagene sine. Fylkesmannen sin gjennomgang av klagene førte i fjor til at 309 av vedtaka vart stadfesta, medan 23 heilt eller delvis vart omgjort. Heile 49 vedtak vart oppheva og returnert til NAV-kontoret for ny behandling.

I 2014 vart 274 av til saman 327 vedtak stadfesta. Fylkesmannen omgjorde 26 vedtak heilt eller delvis, og like mange vart sendt tilbake til NAV-kontoret for ny behandling.

Les også:
Barnevernet slår alarm

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s