Eige kommunestyremøte om flykningar

Fjell kommune tek dei auka utfordringane knytta til busetjing av fleire flyktningar på strak arm. Kommunestyremøtet i januar tek opp temaet i heile si breidde, med mykje tid til politisk gruppearbeid.

Straumen av asylsøkjarar og flyktningar til Norge og Europa ser ut til å halda fram. Fjell har så langt hatt ei svært positiv haldning til å ta i mot og busetja dei som søkjer til Norge i håp om eit betre liv.

Auka forventningar
Fylkesmannen i Hordaland har oppjustert oppfordringa til kommunane om å busetja fleire flyktningar dei komande åra. Fjell kommune vert i år beden om å ta mot 75 flyktningar, av dei minst 30 einslege, mindreårige. Til neste år er forventningane auka til 86, der minst 48 er einslege barn og unge.

Korleis sikra integrering?
Staten yter tilskot til busetjing, til norskopplæring og til livsopphald første åra. Graden av integrering i Fjell-samfunnet vil likevel vera avgjerande for kor vellukka mottaket av flyktningane vert i eit langsiktig perspektiv.

Sysselsetjing, omgjering av uformell kompetanse til norske formelle krav, og meistring av det norske språket, vil vera viktig.

Unge og einsleg
Dei mange einslege, mindreårige representerer ei utfordring for seg. Korleis sikra at dei veks opp til å verta ein ressurs for det norske samfunnet?

Skal vi lukkast må heile Fjell-samfunnet mobiliserast og støtta opp under dei løysingane som vert introduserte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s