Langt frå sutalaust

Talet på bustadar til sals i Fjell held seg stabilt høgt. Kjøparar på leit etter leilighet kan for tida velja og vraka også på vestsida av Kolltveittunnelen.

Dette prosjektet på Kolltveit har sju ledige leiligheter til sals. Ein er seld. Foto: Eide Boligutvikling.
Dette prosjektet på Kolltveit har seks ledige leiligheter til sals. To er selde. Foto: Eide Boligutvikling.

Ei oppteljing denne veka viser at det for tida er 305 bustadar til sals i vekstkommunen. Det er tre gongar så mange som i Askøy. Berre 49 er einebustadar. 263 vert seld som nybygg eller prospekt.

Straume
Dei tre store blokkprosjekta på Straume står for godt over halvparten av alle ledige bustadar i kommunen.

Straumsfjellet Panorama har 110 av 209 leiligheter ledig, eitt år før innflytting.

På kaikanten til kontroversielle Straume Sjøfront er det også framleis god plass, 41 av dei 53 bustadane er til sals.

Tre år på marknaden
Når OBOS marknadsfører Straumehagen som ”sutalaust” – er det truleg ikkje salet dei har hatt i tankane. Etter tre år på marknaden er 16 av dei 43 bustadane i Straumehagen framleis til sals.

Vestsida
Dei som er på leit etter ny bustad på vestsida, kan for tida velja og vraka. Særleg Skålevik, Angeltveit og Ågotnes sentrum peikar seg ut.

JM sitt storprosjekt Brurasteinane verkar også å ha kome tungt ut frå start.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.