– Straume eit naturleg kommunesenter

Kommuneøkonomien ser ut til å kunna verta jokeren i spelet om kommunesamanslåing i region vest, ifølgje utgreiinga Telemarkforsking og PwC har gjort på oppdrag frå Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

utgreiing TelemarkforskingUtgreiingsarbeidet som har vore koordinert av rådmann i Sund, Stig Arne Thune, på vegne av kommunane, vart presentert på Panorama mandag denne veka.

I rapporten som no ligg føre har Telemarkforsking og PwC vurdert dei einskilde kommunane sine styrkar og svakheter på dei fire hovudområda samfunnsutvikling, økonomi, tenesteyting og lokaldemokrati.

Gulrot med redusert effekt
Minst å henta på ei samanslåing vil dei tre kommunane ha når det gjeld kommuneøkonomien, viser utgreiinga.

Regjeringa sitt utkast til nytt inntektssystem vil premiera dei kommunane som frivillig slår seg saman – dei første åra.

Etter 20 år kan derimot situasjonen vera ein annan. Då vil den nye kommunen ha frie inntekter som er 21,3 millionar kroner lågare enn dagens, har Telemarkforsking og PwC rekna seg fram til.

Administrative stordriftsfordelar
Den nye kommunen kan likevel koma ut på plussida økonomisk. Tapet av frie inntekter vil verta motverka av innsparingar som følgje av meir effektiv tenesteproduksjon og administrative stordriftsfordelar i den nye kommunen.

Innføring av ein felles administrasjon vil aleine kunna gje samla stordriftsfordelar på kring 38 millionar kroner.

Desentraliserte tenester
Fleir av fagmiljøa i Sund og Øygarden er i dag så små at dei er lite førebudde på å handtera framtidige oppgåver. Samlokalisering og effektivisering av fleire små fagmiljø vil kunna gje både betre tenester og økonomisk gevinst.

Sidan tenester som skule, barnehagar og idrettsanlegg må leverast der folk bur, er det likevel vanskeleg å rekna ut kor stor økonomisk effekt det vil vera mogeleg å henta ut på tenestesida.

Meir makt
Ei samanslåing vil gje meir makt til lokale interesser. I dag er vi tre små kommunar med liten regional og nasjonal påverknad. Saman vil vi står sterkare i møte med fylkeskommunale og statlege myndigheter.

Større heilskap
Dei tre kommunane er alt i dag ein felles bu- og arbeidsmarknad, med sterkare vekst i talet på arbeidsplassar enn mange andre stadar i landet. Utpendlinga til Bergen er likevel relativt høg. Ei oppheving av dagens kommunegrenser kan bidra til ei meir heilskapleg planlegging av areal, næringsutvikling og transport.

Straume peikar seg ut som naturleg kommunesenter i ein felles kommune, med Skogsvågskiftet og Rong som kommunedelsentre.

Svekka lokaldemokrati?
Faren ved ei kommunesamanslåing er at det kan svekka lokaldemokratiet. I Øygarden er det i dag eit langt sterkare lokalpolitisk engasjement enn i dei to andre kommunane. I Fjell og Sund var deltakinga i kommunevalet sist haust rekordlåg.

Ved ei eventuell samanslåing vil talet på veljarar bak kvar folkevald auka monaleg. Konsekvensen kan fort verta at innbyggjarane si kjensle av å kunna påverka utviklinga av eige lokalmiljø vert enno meir svekka.

Men, aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Kan hende kan ei slik utvikling bidra til reduserte habilitetsproblem i politikken?

Last ned utgreiinga frå Telemarkforsking

Les også:
Periferikonferansen: Oppgjer med stordriftsromantikken
– Vi må snakka opp samarbeida våre

Sponheim ser skilnadane

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s