Dyrare å køyra bil i rushtida

Frå mandag er det inga bøn. Då vil det kosta ekstra å passera bomringen til Bergen i rushtida.

bilkø Foto- IstockphotoLuftkvaliteten er dårleg, bilkøane lange og vegbygging dyrt. I håp om å betra luftkvaliteten, redusera køane og unngå eller utsetja behovet for kostbare vegutbyggingar i Bergensområdet, vert det innført tidsdifferensierte bompengar frå 1. februar.

Takstane
Rushtidsordninga vil gjelda vekedagane mandag – fredag frå klokka 6.30 – 9.00 på morgonen og kl. 14.30 – 16.30 om ettermiddagen.

For vanlege personbilar og andre lette køyretøy under 3.500 tonn vert taksten no kr. 45,- per passering. Køyretøy over 3.500 tonn skal betala kl. 90,-

Utanom rushtida og i helgane vil kvar passering kosta kr. 19,-

Forlenga rabattordning
Dei som har Autopassavtale vil framleis kunna nyta godt av rabattordninga på 20 prosent.

Fleire bussar
For å oppmuntra fleire til heller å reisa kollektivt, har Hordaland fylkeskommune styrka busstilbodet med 300 avgangar dagleg.

– Til Askøy vart det sett inn 38 nye bussavgangar mellom Kleppestø og Bergen sentrum 4. januar, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer i Skyss til Tunnelsyn.no.

Til Straume
Busstilbodet til Sotra vart styrka tidlegare i haust.Det går no buss til Straume kvart 6.-7. minutt allereie frå 13-tida og heilt fram til 17.30-tida om kvardagane. Laurdag går det no buss mellom Straume og Bergen kvart 20. minutt, frå kl. 8.00. Søndag går det ein buss i timen frå klokka 6.00 i begge retningar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s