Klargjer ulukkesrigg for nytt oppdrag

Granskinga av ulukka som drepte ein mann om bord på riggen COSL innovator 30. desember i fjor er enno ikkje klar. I slutten av februar vert riggen likevel sendt tilbake til Trollfeltet for nytt oppdrag.

cosl innovatorDet er Stavanger Aftenblad som melder dette.

Snart klar
COSL Innovator ligg no til reparasjon og klassing ved CCB på Ågotnes. Eit arbeid som har kome om lag halvvegs, i følgje Aftenbladet.

Ei monsterbølgje slo inn over riggen COSL Innovator med full kraft 30. desember i fjor. Bølgja, som ein antek ver over 20 meter høg, knuste 17 vindauge i bustadkvarteret. Mannen som vart drepen opphaldt seg på sin eigen lugar.

Hindra vassintrenging
– Hovedutfordringen vår var vanninntrenging. Vi må sørge for at det ikke skjer igjen. Så lenge vi har en rigg som er i henhold til regelverket, er det ingen grunn til ikke å sende den ut igjen, seier Cosl-direktør Jørgen Arnesen til Aftenbladet.

I dialog med granskarane
Det vart nedsett to granskingar av ulukka. Den eine vert leia av Petroleumstilsynet. Den andre av COSL i samarbeid med Statoil og Aker. Klargjeringa til nytt oppdrag skjer i dialog med granskingsgruppa.

OK frå Petroleumstilsynet
Det er Petroleumstilsynet som har tilsynsansvaret for riggar.

– Vi har så langt ikke funnet grunn til å trekke Cosl Innovators samsvarsuttalelse, eller Statoils samtykke til bruk av innretningen, tilbake. Det betyr at innretningen i utgangspunktet kan settes i drift når Cosl og Statoil mener det er forsvarlig, med mindre Petroleumstilsynet i sin oppfølging avdekker forhold som gjør at det blir nødvendig å vurdere stansing av operasjonen, seier pressekontakt Eileen Brundtland i Petroleumstilsynet til Stavanger Aftenblad.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s