Offshorebrems i arbeidsmarknaden

Den aukande arbeidsløysa slår sterkt ut i Fjell. Arbeidsmarknadssituasjonen i Askøy er mindre prega av offshorebremsen, viser ferske tal frå NAV.

nav_pos_logo_RGBDen reduserte aktiviteten i offshorebransjen slår stadig sterkare ut i region vest, viser dagens tal frå NAV. Det er no registrert heile 1316 arbeidslause i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Heile 13 prosent av samtlege utan arbeid i Hordaland, bur no i dei fire kommunane vest for Bergen.

Flest i Fjell
Ved utgangen av januar var det registrert heile 559 personar utan arbeid i Fjell. Det tilsvarar ei arbeidsløyse på 4,2 prosent.

Samanlikna med same tid i fjor er det no 205 fleire som står utan arbeid enn for eitt år sidan. Ein auke på 58 prosent.

Verst i Øygarden
Høgast er arbeidsløysa likevel i Øygarden. Her står heile 5,6 prosent av arbeidstakarane utan nokon jobb å gå til. Ein auke på 49 arbeidslause samanlikna med same tid i for inneber ein auke på 56 prosent.

Lågast i Askøy
Askøy er den kommunen i region vest som er minst prega av bremsen i offshoremarkanden og som har lågast arbeidsløyse målt i prosent av arbeidsstokken. 468 personar tilsvarar ei arbeidsløyse på 3,2 prosent. 98 fleire utan arbeid enn for eit år sidan kan høyrast mange ut. Veksten er likevel berre på 26 prosent, og er den lågaste i regionen.

I Sund er det no 152 personar som står utan arbeid. Det tilsvarar 4,3 prosent av arbeidsstyrken. 43 fleire arbeidslause enn ved same tid i fjor tilsvarar ein auke på 39 prosent.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s