Unødvendig å by to gongar

Rådmann Steinar Nesse meinar han har funne oppskrifta som skal gjera busetjing av flyktningar i Fjell til ein økonomisk suksess. Politikarane er meir usikre på oppskrifta for korleis vi skal lukkast med integreringa.

Full kontroll på oppskriftene til delikatessene frå heimlanda hadde damene i Internasjonal Kvinneforening Sotra. Å by kommunestyrerepresentantane to gongar var unødvendig.
Full kontroll på oppskriftene til delikatessene frå heimlanda hadde damene i Internasjonal Kvinneforening Sotra. Å by kommunestyrerepresentantane to gongar var unødvendig.

 

-Få kan meir om økonomi enn oss her i Fjell, hevda rådmann Steinar Nesse då kommunestyret i Fjell hadde temamøte om integrering av flyktningar.

Etter fleire tronge år med underskot, ser det ut til at Fjell vil få eit overskot på drifta på nær 30 millionar kroner for 2015. Netto overskot frå busetjinga av flyktningar aleine utgjer kring 15 millionar, fortalde rådmannen og gjekk gjennom reknestykket avsnitt for avsnitt.

Reknestykket
For kvar flyktning som vert busett i Fjell, får kommunen ei rekkje statlege tilskot dei første fem åra. Tilskotet avheng mellom anna av alder, og vert gradvis trappa ned. Etter fem år vert det føresett at flyktningane er sjølvforsørga – eller at dei overlever på sosiale stønadar.

– Det mange overser, er at vertskommunane på toppen av integreringstilskotet også får utteljing for fleire innbyggjarar. For kvar flyktning får kommunen 60.000 kroner i veksttilskot. I tillegg kjem innbyggjartilskot, og utgifts- og inntektsutjamning for fleire personar, sa Nesse.

– Kommunar som buset få flyktningar subsidierer dei som tek mot mange, hevda rådmannen.

Passa vår profil
Tilskota varierer avhengig av mellom anna alder. I Fjell vil familiegjenforeiningar med born gje god utteljing, avdi vi har mange ledige skuleplassar.

– Det er ikkje likegyldig kven vi bør freista å integrera. Reknestykket er komplekst. Fjell forhandlar om kvar einaste busetjing. Kommunen har avgjersrett kven som skal busetjast her. Det gjeld å finna personar med profil som passar Fjell, sa Nesse.

Søknadsordningar
På toppen av dette har Regjeringa lagt opp til ei rekkje ulike søknadsordningar for flyktningar, klimatiltak og barnefattigdom. Her jobbar Fjell aktivt for å halda oversikt og søkja på relevante tilskotsordningar. På denne måten har vi mellom anna klart å få finansiert to stillingar som barnepsykolog i tre år.

For å få full utteljing av dei mulighetene som dukkar opp, bør rådmannen få nye og utvida fullmakter, mellom anna til å investera i bustadar, og til å oppretta, inndra og omgjera stillingar, sa Nesse.

Godt i gang
Integrasjon er mogeleg. Fjell er godt i gang, hevda administrasjonen. Barnehagesjef Margot Landro fortalte om barnehagen som arena for integrering.

Språkopplæring og det toårige introduksjonsprogrammet var tema for foredraga til skulesjef Wilhelm Anglevik og fagsjef Monica Pedersen i NAV.

15 av dei flyktningane Fjell har påteke seg å busetja i år, er einslege mindreårige. Sosialsjef Tove Helleland orienterte om dei første erfaringane.

Richard Kiwanuka, som sjølv sjølv har bakgrunn som flyktning, og som no jobbar i NAV, fortalde om prosjektet ”En god start” og kor viktig det er at ungdomane som kjem hit vert dregne med i lag og organisasjonar.

Politiske gruppediskusjonar
Rådmannen trengte ikkje å by politikarane to gongar. Dei fekk rikeleg med tid til å diskutera seg gjennom dei ulike temaene i tverrpolitiske grupper. Det mangla ikkje på gode innspel. Eintydige konklusjonar på kva som må gjerast og korleis vi bør gå fram for å sikra integrering kom dei likevel ikkje fram til.

Raudt/blått skilje
Når det kom til sysselsetjing, gjekk det eit raudt/blått skilje gjennom salen.

Er det kommunen eller er det næringslivet som bør sikra dei nye innbyggjarane i Fjell arbeid? Om det er næringslivet, kan Staten støtta under prosessen ved å gje incentiv til næringslivet, som redusert arbeidsavgift? spurte Anita Garlid Johannessen på vegne av gruppa si.

– Sysselsetjinga bør skje i offentleg regi. Vi kan ikkje stola på at dei private skal ta oppgåva, innvendte Jan Bjarte Fjeld (AP) som var talsperson for ein av dei andre gruppene.

Mange av flyktningane har uformell kompetanse, vil det vera mogeleg å få til ei hospiteringsordning, spurte Johannes Kobbeltvedt (Sp).

Spreidd busetjing
Flyktningane må ut av mottaka så snart som råd. Dei bør ikkje sitja aleine på mottaka, hevda Kobbeltvedt.

Når det kjem til busetjing, bør dei bu spreidd. Då aukar sjansen for at dei kjem i snakk med folk i nabolaget og lærer seg norsk, var Jan Bjarte Fjeld og Britt Ediassen (V) samde om.

Lokal mobilisering
– Lokale lag og organisasjonar må mobiliserast på brei front. Då snakkar eg ikkje berre om idrettslaga, sa Odd Bjarne Skogestad (KrF) og fekk støtte av Anita Garlid Johannessen.

– Vi må ufarleggjera integreringa for lokalsamfunna, meinte Monika Alvheim (MDG).

– Kommunen må gjera ein ekstra innsats. Her trengst det omdømebygging og haldingsendring, sa Garlid Johannessen.

Her kan du lesa presentasjonane frå kommunestyret

Les også:
Köfte, slik Shahnaz Fadaie frå Iran lagar dei

Advertisements

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s